Ledig stilling i Etne kommune:
Enge barnehage har ledig vikariat som barnehagelærar i 50 prosent stilling i perioden 01.01.23-31.07.23.
Barnehagen ligg i Etne sentrum med gode turmuligheter til skog, sjø og fjell. Me har gangavstand til Skakke der me nyttar oss av idrettshallen og biblioteket. Barnehagen er avdelingsbarnehage med 7 avdelingar. Satsingsområdet til Enge barnehage er arbeid med språk. Språket er viktig i alle samanhengar i barnet sitt liv, dei har bruk for det i samhandling med andre, i leik og læring.
Enge barnehage arbeider for å leggje til rette for tryggleik, mangfald og vennskap. Me jobbar etter Være sammen prinsippet.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett skal vere barnehagelærar på ein avdeling, der ein annan barnehagelærar er pedagogisk leiar.
- Planlegging og gjennomføring av pedagogisk arbeid saman med resten av personalet på avdelinga.
- Samarbeid på tvers av avdelingane.
- Samarbeid med hjelpetenester som PPT, barnevern og helsesjukepleiar.
Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha barnehagelærarutdanning.
Eigenskapar:
Me ønskjer ein person som:
- er god på relasjonsbygging med barn og vaksne
- identifiserer seg med den autoritative vaksenrolla
- har gode samarbeidsevner
- har god arbeidskapasitet
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Annan informasjon
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her