Rektor Voss ungdomsskule, utvida frist
Voss kommune søkjer ein rektor i 100 % stilling frå 1.8.2019 som vil bidra aktivt til å utvikle Voss ungdomsskule.
Om arbeidsstaden
Voss ungdomsskule har 450 elevar, som er delt på 6 klassar på kvart trinn. Skulen har dyktige tilsette med høg sosial og fagleg kompetanse. Målet vårt er at alle elevane skal oppleve meistring og læring kvar dag. Skulen ligg sentralt på Voss, ved Prestegardsmoen og det fine Vangsvatnet.
Skulen vart bygd som barneskule i 1963 og teken i bruk som ungdomsskule i 1970. Mellom 2005 og 2012 har hovudbygga på skulen blitt rehabilitert.
Administrasjon ressurs/organisering:
Skulen består av rektor, 2 assisterande rektorar og kontorleiar i leiinga. I tillegg har skulen 160 % merkantil ressurs.
Kvart trinn har ein rådgjevar som jobbar tett med trinnansvarleg.
Skulen har og eigen spesialsjukepleiar.
Me søkjer etter kvalitetsbevisste vaksne som er opptekne av å skape gode, inkluderande og trygge skulemiljø, og ein skule der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
Som skuleleiar i Voss kommune skal du:
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Fremje arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere serviceinnstilt og oppteken av å skape gode tenester for brukarane
- Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og som bidreg til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
- Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule - og læringsmiljø
- Økonomi og personalansvar
- Leie og motivere dyktige tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling
- Forvalte skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgje opp kommunale og statlege føringar for grunnskuleopplæringa
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning og solid lærar / leiarerfaring
- Du har eit moderne syn på læring og framtidsretta pedagogikk, har god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Du er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Rektorutdanning / leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar som kan stå fram og vise retning
- Du kommuniserer godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
- Du er i stand til å bygge gode relasjonar med elevane og dei tilsette
- Du er i stand til å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
- Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
- Du er modig, har god gjennomføringsevne og interesse for endringsarbeid
- Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom grunnskulane i kommunen
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.