Sande Settefisk AS - Driftsteknikar
Stillingsannonsen er inaktiv.SANDE SETTEFISK AS
Sandane
Vi søkjer etter ein driftsteknikar (100% stilling) til vårt settefiskanlegg på Rygg i Gloppen kommune.
Arbeidsoppgåver for stillinga:
• Dagleg ettersyn, stell og fòring av fisk.
• Handtering av fisk, inkludert sortering, vaksinering og levering.
• Dagleg ettersyn og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr.
• Journalføring og rapportering i verksemda sitt produksjons- og internkontrollsystem.
• Inngå i vaktordning, med responstid på 20 minutt.
• Andre arbeidsoppgåver som kjem til.
Andre arbeidsoppgåver for driftsteknikar:
• Bidra med reparasjon og forbetring av teknisk utstyr.
• Utarbeid gode rutinar for vedlikehald av maskinar og utstyr.
• Følgje opp vedlikehaldsprogram og investeringar.
Ynskja kvalifikasjonar:
• Teknisk kompetanse, gjerne med erfaring frå mekanisk industri.
• Relevant fagbrev og/eller utdanning.
• Truckførarbevis.
Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig, men samstundes vere ein god lagspelar. Vi søkjer deg
som er lærevillig, systematisk og praktisk anlagt. Gode norskkunnskapar er nødvendig. Begge kjønn
vert oppmoda om å søkje.
Vi kan tilby:
• Varierte arbeidsoppgåver, kurs og kompetanseheving.
• Arbeid i ei spanande næring og i ei verksemd med godt utviklingspotensiale.
• Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
• Flotte kultur- og fritidstilbod i nærmiljøet og tettstaden Sandane.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
SANDE SETTEFISK AS
Adresse
6829 Hyen
Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen kommune i Nordfjord. Her har vi konsesjon på 1 million fisk av laks og regnbogeaure som vi leverar til kundar langs heile vestlandskysten. På Sande har vi tilsette med opp til 30 års erfaring og høgare utdanning innan akvakultur fordelt på 4,5 årsverk. Anlegget var tidlegare Rødeggen Settefisk AS som seinare endra namn til Sande Settefisk AS. Sande Settefisk AS har frå 1993 vore dotterselskap til Hyen Fisk AS. Selskapet er også medlem av Salmon Group.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
Ikke spesifisert
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Sist endret: 1. april 2019
Hentet fra: POLARIS
Referanse: 12430
Stillingsnummer: aa53ccfb-fc64-4e13-8040-3adb32dfeb8b