Serviceingeniør for Stråleterapiutstyr
Org. nr: - Stillingsident: 4189827065 Presentasjon av stillingen:
Ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, seksjon for medisinsk fysikk, er det ledig fast stilling som serviceingeniør.
Seksjonen har i dag ca. 35 tilsette, hovudsakleg fysikarar, doseplanleggjarar og ingeniørar. Ein viktig del av avdelinga sine oppgåver er å yte teknisk og strålefysisk service til Stråleterapiseksjonen ved sjukehuset. Vi har m.a. ansvar for drift og vedlikehald av sjukehusets stråleterapiutstyr. Utstyrsparken består av 6 lineærakseleratorar, 2 CT 'er, og div. tilleggsutstyr. Det pågår for tida ein utskifting av utstyr og det skal etablerast eit nytt protonsenter som er planlagd ferdig ca. 2025.
Arbeidsoppgåver
- Serviceingeniøren vil vere ein del av serviceteamet ved avdelinga og skal primært delta i akutt og førebyggjande vedlikehald på stråleterapiutstyret. I tillegg kan oppgåver innan anna medisinsk-teknisk utstyr og IKT utstyr påreknast. For øvrig må stillingsinnehavar pårekne å kunne bli tillagt andre arbeidsoppgåver som avdelinga har behov for å få utført
- Stråleterapimaskinar er samansett av ulike teknologiar, og servicearbeid med maskinane krev ein praktisk tilnærming til dei ulike fagfelta. Demontering av maskinane vil krevje at serviceingeniøren kan utføre tunge løft
- Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i ein til tider hektisk kvardag. Vi har eit tverrfagleg miljø, og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Stråleterapi er eit område i sterk teknisk utvikling, og vi har som mål å følgje med i denne utviklinga
- Det må påreknast ein del reiseaktivitet i samband med kurs hos vår hovudlevandør ved kurssenter i USA
- Det må påreknast ein del uforutsett overtidsarbeid, dersom utstyret feiler og må reparerast
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ingeniørar med elektronikk/automatisering eller tilsvarande bakgrunn
- Det er ønskjeleg at søkjar har "Samtykke fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)", men det er ikkje eit krav
- Søkjarar må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Arbeidspråk mot leverandørar krev gode kunnskapar i Engelsk
- Relevant erfaring innan service og vedlikehald av stråleterapiutstyr eller anna komplekst utstyr er ønskjeleg, men vi tilbyr intern opplæring og kurs hos våre leverandørar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Ønskjeleg med erfaring og kunnskap innan øvrig relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Vi inviterer også nyutdanna til å søkje på stillinga
Utdanningsretning
- Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Praktisk anlagd, samarbeidsvilje, fleksibilitet, serviceinnstilling og personleg egnethet er eigenskapar vi vil leggje vekt på
Language
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- Tiltredelse snarast/etter avtale
- Opplæring og spesialkurs for service av utstyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Arbeidstida er for tida dagarbeidstid med fri kvar helg
- Flexitid
Kontaktinformasjon
Anfinn Mehus, Avdelingsleiar, 55972025
Henrik Stensaker, Leiar Servicegruppa Stråleterapi, 55972031, Henrik.Stensaker@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4189827065
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.