Undervisningsinspektør
Org. nr: - Stillingsident: 4102710982 Presentasjon av stillingen:
Ulstein ungdomsskule ligg i sentrum av Ulsteinvik, har om lag 55 flotte tilsette og 375 elevar i alderen 13¿16 år og 14 klasser. Vi har også norskopplæring for elevar med asyl-, flyktning- og arbeidsinnvandrarbakgrunn. Ulstein ungdomsskule deltek i MOT-programma <> og <>. Ulstein ungdomsskule er ein moderne skule med spennande arkitektur. Eleven si sosiale og faglege læring står sterkt forankra i skulekvardagen. Vi startar kvar morgon med tilbod om gratis frukost til alle elevar, og i lunsjen har elevane høve til å kjøpe sunn og heimelaga mat til kostpris. Skulen har i fleire år jobba systematisk med vurdering for læring, og kan for andre året på rad vise til svært gode resultat på nasjonale prøver for 9. trinn i lesing og rekning. Dette gir oss indikatorar på at elevane våre har eit godt læringsutbytte.
Undervisningsinspektøren vår har fått jobben som assisterande rektor, og i den samanheng søker vi no etter ein ny undervisningsinspektør som ynskjer å bidra inn mot den gode utviklinga til skulen.
Ulstein ungdomsskule har ledig stilling som undervisningsinspektør 100% fast stilling frå 01.09.2019. Undervisningsinspektør skal delta i arbeidet med å leie skulen på ein forsvarleg, fagleg og pedagogisk måte. Undervisningsinspektør sin leiingsressurs utgjer 100 %. Noko undervisning kan bli lagt til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Leiar for eit av trinna på skulen
Personal- og elevarbeid
Leie og ta del i lærarane si læring og utvikling
Gjennomføring av nasjonale prøver, skriftleg og munnleg eksamen
Vere ein pådrivar i arbeidet med innføring av fagfornyinga
Arbeid med vikar og fråvær ved skulen
HMS- og brannvernarbeid
Kommunisere tydelige mål og forventningar knytt til elevane si faglege og sosiale læring
Utvikle Ulstein ungdomsskule i tråd med Teknologiskulen Ulstein
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning med lærar- og skuleleiarbakgrunn
Det er ønskeleg med utdanning innan skuleleiing
Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk for skule og for kommunal og statleg sakshandsaming
Du har erfaring med systematisk skuleutviklingsarbeid
Du er kunnskapsorientert og har god innsikt innan forskning på skuleutvikling, og du evner å bruke denne kunnskapen i egen praksis
Du har gode dugleikar innanfor IKT og skuleadministrative system
Personlege eigenskapar
Du er ein tydeleg, synleg og lyttande skuleleiar
Du har eit godt elev- og menneskesyn
Du skapar gode relasjoner
Du har glimt i auge
Du er kreativ og løsningsorientert
Du har gode samarbeidsevner
Du kan identifisere deg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar: Nyskaping - Omsorg - Rausheit - Mangfald
Vi tilbyr
Ei spennande og utviklande stilling
Eit godt og profesjonelt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Leon Romestrand, Rektor, 92850027
Arbeidsstad
Bakkegata 31
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:4102710982
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.09.2019
Søknadsfrist: 31.07.2019
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.