Barne- og ungdomsarbeidar 100 %
Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur, bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar i skule og SFO 100 %.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.
Kvalifikasjonar
Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskaper
Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her