50% undervisningsvikariat innan realfag
Vi har ledig eit undervisningsvikariat frå 1.8.2021 til 31.7.2022 med moglegheit for utvida stillingsstorleik
Vi søkjer deg som
- har undervisningskompetanse i matematikk og/eller naturfag
- trivast i lag med ungdom og er ein god klasseleiar
- har evne til å danne gode relasjonar med elevane
- er fleksibel og har gode samarbeidsevner
Om skulen
Ulstein vidaregåande skule ligg høgt og fritt i Høddvollområdet, nokre km frå sentrum av Ulsteinvik. Skulen har ca 550 elevar og har tilbod innan studiespesialisering, studiespesialisering med teknologi og innovasjon, idrettsfag, elektro og datateknologi, sal, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon, og påbygging til generell studiekompetanse. Skulen er ein del av ein allsidig og spennande region, der blant anna den maritime industrien står sterkt. Skulen har godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringslivet elles. Flott natur, hav og fjell er innanfor korte reiseavstandar. Området har elles eit rikt kulturliv.
Vi tilbyr
- gode moglegheiter til fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- løn etter avtale
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad.
Kallar vi deg inn til intervju, må du ta med originale vitnemål og attestar.
Stillinga er utlyst med atterhald om at klasser og undervisningstilbod kjem i gong.
Vårref 4878
Kontaktperson
Karen Målfrid Topphol, Avdelingsleiar, tlf: +4741552748, mobil: 41552748, karen.malfrid.topphol@mrfylke.no
Jon Arne Garshol Haram, Ass.rektor, tlf: +4771281005, mobil: +4799627897, jon.arne.garshol.haram@mrfylke.no