Klinisk pedagog/spesialpedagog
Org. nr: - Stillingsident: 4195144863 Presentasjon av stillingen:
Er du ein erfaren pedagog (klinisk/spes.ped) med interesse, erfaring og kvalifikasjonar innan arbeid med nevropsykiatriske tilstandar hos barn og unge? Vedkommande vil inngå i eit tverrfagleg team/ressursgruppe i nært samarbeid med nevropsykolog og andre godt kvalifiserte faggrupper.
Poliklinikken i Ålesund (BUP) har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som tilbyr differensierte behandlingstilbod til barn, unge og deira familiar på Sunnmøre.
Vårt personale består av fleire yrkesgrupper og er organisert i generalistteam. I tillegg har vi eit akutt ambulant team, sped- og småbarnsteam samt eit behandlingsteam for OCD og angst (bl.a. etter 4-dagers modellen).
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av tilstandar primært innan nevropsykiatrisk spekter (som ADHD, autismespekterlidingar, Tourette syndrom mm) i tett samarbeid med nevropsykolog og andre godt kvalifiserte faggrupper
- Behandling og oppfølging, inkl. rettleiing til foreldre
- Utadretta verksemd må påreknast, dette i form av rettleiing til skule/skulehelseteneste, PPT og andre aktuelle samarbeidsinstansar
- Bidra i pasient- og pårørandearbeid knytta til overnevnte tilstandar
Kvalifikasjonar
- Klinisk pedagog eller spesialpedagog
- Kandidaten må ha master
- Erfaring frå anna arbeid med barn og unge vil vektleggast, men erfaring fra psykisk helsearbeid/funksjonsforstyrrelsar hos barn og unge vil bli høgt prioritert
Personlege eigenskapar
- Engasjert i arbeid med barn og unge si psykiske helse
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og representere poliklinikken på ein god og trygg måte
- Erfaring med møteleiing er ein fordel
- Strukturert, samarbeidsorientert samt vere fleksibel
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på kontinuerleg fagleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, Inger.Ann.Berge@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4195144863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal