Avdelingsingeniør
Stillingsannonsen er inaktiv.Medisinsk-teknisk avdeling
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4411492188 Presentasjon av stillingen:
Medisinsk-teknisk avdeling (MTA) leverer tenester innan medisinsk teknologi og informatikk til heile Helse Bergen. Avdelinga er inndelt i 7 seksjonar og har 75 tilsette. Vi forvaltar ein utstyrspark på om lag 40 000 einingar, verd over 2 milliardar kroner. Vi tar hand om utstyret gjennom heile prosessen frå anskaffing til avhending, og våre tilsette held ved lag ein høg kompetanse gjennom generell og utstyrsspesifikk opplæring. Medisinsk-teknisk avdeling arbeider for å trygge pasientar og brukarar gjennom gode rutinar for vedlikehald og tett samarbeid med klinikkane. Vi tar del i ulike aktivitetar innan forsking, utvikling og innovasjon. Avdelinga har òg ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar, og logistikken rundt dette. Medisinsk-teknisk avdeling er ein del av Drift/teknisk divisjon.
Ved seksjon for nevrologi og audiologi er det ledig eit vikariat i 18 månader innan fagområdet medisinsk teknikk og medisinske IKT-system frå 1. september eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Mesteparten av det medisinske utstyret som seksjonen har ansvaret for er PC-basert og inngår i ulike IKT-system. Forvalting og vedlikehald av utstyret omfattar til dømes:
- mottakskontroll og risikovurdering
- konfigurering og optimalisering av testprotokollar
- tilkopling til IKT-system
- feilsøking og vedlikehald av både utstyr og programvare
- systematisk kontroll, kvalitetssikring og dokumentasjon
- brukarstøtte
I arbeidsoppgåvene kan det også inngå deltaking i ulike tverrfaglege arbeidsgrupper for:
- innkjøp av medisinsk utstyr
- opplæring av brukarar
- utarbeiding av rutinar og dokumentasjon
- vurdering av behandlingstilbod til pasientar
- pasientretta arbeid
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad eller tilsvarande innan automasjon, kybernetikk eller elektronikk
Det er ønskjeleg med erfaring/kunnskap innan nokre av desse områda:
- vedlikehald av medisinsk utstyr
- drift av server/PC i nettverk
- digital signalanalyse
- akustikk
Språk:
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må meistre engelsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande, variert og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring og kursing
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kjell Magne Nupen, Seksjonsleiar, 55972646
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4411492188
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.08.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Medisinsk-teknisk avdeling
Adresse
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 15. august 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4411492188_Medisinsk-teknisk avdeling_webcruiter
Stillingsnummer: a952de33-94cd-47a9-b72b-79b79d3c340a