Vil du bli jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett?
Stillingsannonsen er inaktiv.Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Postboks 171, 2684 Vågå
Om stillinga
Det er ledig eit embete som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett. Tiltreding etter nærmare avtale. Domstolen er lokalisert på rettsstadene Lillehammer, Fagernes og Vågåmo.
Kontorstaden for jordskiftedommaren vil være på Vågåmo, og samlokalisering med tingretten vert planlagt i løpet av 2023. Det er per i dag ikkje tilsett teknisk utgreiar eller saksbehandlar ved rettsstaden i Vågåmo, og slik bistand vil inntil vidare skje frå domstolens medarbeidarar på Fagernes og Lillehammer. Det må påreknast å administrere saker i heile jordskiftesoknet.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen, frå NMBU eller frå Høgskulen på Vestlandet. Jamstilt er eksamen frå NMBU/UMB/Noregs landbrukshøgskule med hovudkurs i jordskiftefag/eigedomsutforming.
Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.
Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 875 500,-.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjaren må ha førarkort for bil.
Vi kan tilby
- eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling.
- eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
Det er god praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensane. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker utanfor eige sokn.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no /www.domstol.no/innstillingsradet.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
- Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
- Vestre Innlandet jordskifterett v/jordskifterettsleiar Britt Rusten, tlf. 61 99 15 00/90 96 23 84
Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.
Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. Offentleglova § 25.
Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.
Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.
Søknadsfrist: 6. oktober 2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Adresse
Dronningens gate 2, 7011 Trondheim
Hjemmeside
Om oss
Noregs domstolar er i utvikling. Stortinget har gitt si tilslutning til ei monaleg endring i organiseringa av domstolane. Dei 60 tingrettane har blitt til 23, dei 34 jordskifterettane har blitt til 19. Alle dagens rettsstader skal føras vidare.
Dei nye rettskrinsane har fått verksemd på fleire stader, og leiast av éin jordskifterettsleiar. Samstundes gjennomfører domstolane ei stor modernisering og digitalisering av verksemda.
Om stillingen
Stillingstittel
Jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. oktober 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10044593
Stillingsnummer: a8f95362-9514-4f18-a4fb-b1c16540637e