Rådgivar i stabsseksjonen
Stillingsannonsen er inaktiv.Direktoratet for økonomistyring
Oslo
Jobbnorge ID: 166949
Om stillinga
Vil du vere med og endre korleis staten formidlar styringsinformasjon? Då er DFØ staden for deg. I den nyoppretta staben vår får du mellom anna vere med og sjå på løysingar for korleis vi formidlar kompetansen vår, dei digitale løysingane våre og arbeidsmetodane våre.
Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar som er fleksibel og evnar å sjå heilskapen. Målet vårt er å leggje til rette for gode leveransar og tverrfagleg samarbeid. Du vil få spennande og krevjande oppgåver i eit hektisk fagmiljø, og du skal jobbe for avdelingas beste, uavhengig av fagområde. Foreløpig er vi tre personar i staben.
Vi er i gang med fleire endringsprosessar, mellom anna i samband med nye former for kompetanseformidling, bruk av nye digitale løysingar og utvikling av nye arbeidsmetodar. Eit spesielt ansvar er å koordinere arbeidet med rettleiingsmateriell og digitale læringsverktøy på nett for ansvarsområda til avdelinga. Staben skal vere ein pådrivar i desse endringsprosessane og får ei sentral rolle med å utvikle arbeidsprosessar og system og leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø og effektiv ressursbruk internt.
Staben er éin av fem seksjonar i forvaltings- og analyseavdelinga i Oslo. Seksjonen fungerer som fagstab og støttefunksjon for avdelingsdirektøren og seksjonane i avdelinga. Avdelinga jobbar for betre styring i statsforvaltinga. Avdelinga forvaltar og utviklar løysingar for statsrekneskapen og den statlege betalingsformidlinga. Vidare er avdelinga regelverksforvaltar av det statlege økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. Avdelinga har ansvar for å utvikle metodar, rettleiing og brukarorienterte kompetansetenester i tillegg til systemløysingar innanfor ulike fagområde.
Arbeidsoppgåver
- delta i prosjekt i avdelinga og på tvers i DFØ
- bidra i arbeidet med å implementere digitale verktøy i avdelinga
- greie ut digitaliseringsmoglegheiter
- greie ut nye metodar for å spreie informasjon eksternt
- hjelpe til med å koordinere fagnettverket til FOA
- delta i / koordinere arbeidet med nettsider opp mot kommunikasjonseininga
- koordinere arbeidet med tenestedesign i avdelinga
Kvalifikasjonar
Du må ha
- relevant høgare utdanning på masternivå, gjerne innanfor fag som kommunikasjon og teknologi
- erfaring frå statleg forvalting
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring frå kommunikasjonsbyrå
- erfaring frå arbeid med utviklingsprosjekt
Personlege eigenskapar
Du er engasjerande og klarer å få folk med deg. Du skaper gode relasjonar til ulike typar menneske og blir motivert av å samarbeide med andre. Vi søkjer deg som handlar på eige initiativ og tek ansvar for å skape resultat. Du har evne til å koordinere og halde framdrift i prosjekt, og du ser nye løysingar. Du må òg vere lydhøyr overfor andre sine behov og vere ein lagspelar.
Vi legg vekt på gode personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Vi har eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman. Gjennom stillinga får du kontakt med relevante fagmiljø også utanfor DFØ. Vi har fleksitid med sommar- og vintertid og overtidsbetaling. Seksjonen held til midt i Oslo sentrum.
Stillinga vil bli plassert som rådgivar med lønn mellom 464 800 og 586 500 kroner per år, avhengig av utdanning og erfaring. Høgare lønn kan vurderast for spesielt kvalifiserte søkjarar. Frå lønna blir det trekt to prosent til Statens pensjonskasse. Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid.
DFØ legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar derfor alle til å søkje jobb, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Meir informasjon om DFØ finn du på heimesida vår, www.dfo.no.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med seksjonssjef Thuan Tande-Pham på telefon 990 44 668.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Direktoratet for økonomistyring
Hjemmeside
Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan for statleg styring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving og utvikling av metodar og
verktøy. DFØ leverer lønns- og rekneskapstenester til 87 prosent av statlege verksemder, og har ansvaret for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. Det er om lag 460 tilsette i DFØ, fordelt på tre kontorstader: Oslo, Stavanger og Trondheim.
Om stillingen
Stillingstittel
Saksbehandler (offentlig administrasjon)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 2. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10011607
Stillingsnummer: a8bd6f56-a3d4-4b36-8157-4a6108e3e59b