Pedagogisk leiar Evanger barnehage
Ved Evanger barnehage er det ledig inntil 2 faste stillingar i 100 % som pedagogisk leiar frå 1.8.2019. Det vert lyst med atterhald. Ved eventuelt internt opprykk vert det ledig ein stilling som barnehagelærar.
Om arbeidsstaden
Evanger barnehage er ein kommunal barnehage lokalisert i ein tidligare aldersheim like ved Evanger sentrum. Barnehagen har ca. 38 plassar for barn frå 1-5 år. Barnehagen har gode leikeområde både inn og ute, og har i tillegg eit flott nærområde som vert nytta flittig heile året.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har ansvar for personalet på si gruppe og ansvar for det pedagogiske arbeidet med barna.
Me søkjer
Kompetansekrav: Barnehagelærar
Det er ynskje om erfaring frå arbeid med barn, og med leiinga av personalgruppe. Me søkjer ein person som har godt humør, er samarbeidsvillig og engasjert.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.