2 prosjektstillingar - 100% mellombels - NAV Kvinnherad
Omtale av stillingane
Stillingane er knytt til oppfølgingsavdelinga ved NAV Kvinnherad, og vil ha arbeidsoppgåver i tråd med mål og problemstillingar knytt til prosjektet "Oppsøkande team". Kvinnherad kommune ved NAV Kvinnherad har fått midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til eit tre-årig prosjekt. Førebels er det det løyvd midlar for eit år.
Stillingane me lyser ut skal vera med å bidra til at unge personar som vi ikkje får kontakt med og som ikkje er i arbeid eller utdanning får eit oppfølgingstilbod. Føremålet med prosjektet er å utvikla løysingar for å koma tidlegare i kontakt med ungdomar og unge vaksne, som ikkje er i skule eller i kontakt med andre støttetenester. Vi ynskjer ein tidleg innsats for denne gruppa, som opplever eller står i fare for å oppleva utanforskap.
Vi søkjer deg som vil bidra til å utvikle tenestene våre vidare i ein travel kvardag, som ynskjer å gjer ein forskjell for menneske. Vi ser etter deg som er imøtekommande, oppsøkande og engasjert i ungdom.
Stillingane er ledig for tiltreding.
Personlege eigenskaper
Vi legg stor vekt på personlege eigenskaper som:
- Kunne arbeide i samsvar med NAV og Kvinnherad kommune sine verdigrunnlag
- Ha evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Bidra til utvikling av tenestene i samsvar med organisasjonen sine målsettingar
- Ha god kommunikasjonsevne og gode samarbeidsevner også på tvers av team og tenester
- Kunne utvikle gode relasjonar og bidra i eit godt arbeidsmiljø
- Du må vera sjølvstendig, kreativ og løysningsorientert.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis sosialfagleg retning.
- Relevant arbeidserfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God brukarkompetanse innan IKT
- Førarkort for bil og kunne disponere eigen bil
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
Aktive og engasjerte kollegaer
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Løn etter kvalifikasjonar og avtale
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.NAV Kvinnherad er eit samarbeid mellom statlege og kommunale tenester. Vårt mål er å gi menneske moglegheiter. Vi jobber med oppfølging av brukere i ulike livsfaser og livssituasjoner. Våre arbeidsoppgåver er knytt til oppfølging av personar mottek økonomisk sosialhjelp, gjeldsrettleiing, kvalifiseringsprogrammet, arbeidsavklaringspengar, dagpengar, sjukepengar, overgangstønad og uføretrygd. Vi har kontor i Aksen på Husnes.