Lærarstillingar - Vikeså skule
Ledige pedagogstillingar fast og vikariat
Fra 01.08.2019 har vi ledig èin fast 100% lærerstilling og ca150 % vikariat for skuleåret 19/20.
Kvalifikasjoner til stillinga
* Vi søker primært lærarar med allmenn-/grunnskulelærarutdanning, men vil også vurdere dei med fagutdanning med PPU.
* Vi treng lærarar både på barne-og ungdomssteget.
* Skulen har behov for lærarar som kan undervise i eit breidt utval av fag i grunnskulen.
* For alle lærarstillingane er det behov for kompetanse i pedagogisk bruk av IKT.
* Det blir lagt vekt på personlege eigenskaper.
Vi søker etter
* Ein engasjert, tydeleg, modig og varm lærar som arbeider målretta for elevane si utvikling og læring.
* Ein person som er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande * Ein person som har evna til fleksibilitet og samarbeid.
* Ein god og bevisst relasjonsbygger.
* Ein som ynskjer å vera ein aktiv bidragsyter i det sosiale miljøet på skulen.
Bjerkreim kommune tilbyr
* Positivt arbeidsmiljø
* Interessante og varierte arbeidsoppgåver
* Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vilkår
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Attestar og vitnemål leverast i eit evt. intervju
Politiattest
Politiattest må leggjast fram før oppstart i stillingen
Vi gjer merksam på
Vi oppfordrer til å søke elektronisk via vårt rekrutteringssystem, og det er viktig at du registrerer din kompetanse. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt vår serviceavdeling. Bjerkreim kommune tlf.: 51 20 11 00
Vi gjer merksam på
Hovudregelen i offentleglova er at søkjarane til ledige stillingar skal være offentlige jf. §25. Skulle du likevel ha eit ynskje om at din søknad skal unntkast offentlegheita må dette grunngjevast i søknaden.
Om bedriften
Vår visjon er å gje elevane "røter" og "vengjer" slik at dei blir i stand til å meistra livet. Visjonen gjennomsyrer alt arbeidet vi gjer på skulen, og speglast i elevsynet vårt. Vikeså Skule er ein 1-10 skule med ca 310 elevar. Skulen har ein positiv elevmasse og legg stor vekt på samarbeid. Kollegiet tek vare på kvarandre og har ein god omgangstone og delekultur. Me bryr oss om elevane våre og legg til rette for tilpassa opplæring for den enkelte, ikkje minst gjennom pedagogisk bruk av IKT. Vi satsar på tydeleg klasseleiing med klare grenser og fokus på kollektive ferdigheiter. Vi har nulltoleranse for mobbing, og arbeider kollektivt for at alle elevane skal ha det godt på skulen. Skulen ligg i ein kommune med mykje flott natur og vi prøver å utnytte dette gjennom å ha ekstra fokus på friluftsliv.