Resepsjonssjef i fast 100% stilling
Som vår resepsjonssjef vert du leiar for avdelinga som på mange måtar er hotellets ansikt utad. Me ynskjer at alle våre gjester skal møtast med ekte smil, positivitet, hjelpsomhet og service på høgt nivå.
Er du ein servicebevisst og løysingsorientert person, med glimt i auge og godt humør, ein god lyttar og ein som kan behalde roen når det kokar som mest? Kan henda er dette jobben for deg!
Me er på leit etter ein god leiar, gjerne med fagbrev i resepsjonsfaget, og du bør ha erfaring frå liknande arbeid. Det er eit stort pluss om du har kjennskap til bookingsystemet Protel, og du må ha gode norsk og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og det er flott om du også beherskar andre språk.
Vår resepsjon er døgnopen stort sett året rundt. Frå mai-september er me fullbooka med hovedsakleg bussturistar og andre ferierande, og ellers i året mykje konferansar, weekendarrangement og selskap/bryllup/jolebord. Ulike menneske med ulike behov og ynskje som skal møtast med positivitet til ei kvar tid, sjølv når det er på det travlaste. Me veit sjeldan kva ein arbeidsdag byr på av utfordringar, men med god planlegging på tvers av avdelingane, kan me saman by på flotte gjesteopplevingar.
Du får ansvar for om lag 10 ansatte og jobbar tett saman med dei andre avdelingane og leiargruppa. Noverande resepsjonssjef vil framleis vera til stades og yta god hjelp i opplæringa. I ein overgangsfase er det kanskje nyttig med ei fordeling av oppgåvene.
Noko av ansvaret du får vil vera:
Oppfølging av rutinar, rapportering og prognosar samt styre kostnader i henhold til budsjett
Vaktlisteplanlegging i henhold til belegg og ansvar for kontroll av timelister
Dagleg drift av resepsjonen
Personalansvar og coaching/opplæring av medarbeidarar
Kontinuerlig fokus på service og vertskapsrolla og formidle informasjon til gjestene
Drive og rettleie dei tilsette til meirsalg i resepsjonen - dette er også god service
Ansvar for souvernirbutikk
Det vil vera ein kombinasjon av vaktgåande og administrativ stilling. Forventa å jobbe skift, primært i vekedagane. Du deltek i avdelingsleiarmøtene og organiserer møte for di avdeling.
Du får:
Løn etter avtale og eit godt arbeidsmiljø
Hjelp til å skaffe bolig
Ta del i utviklinga av nye Fjordtind Hotels
Fri tilgang til alle hotellets fasilitetar
Flott natur og mange fritidstilbod
Korte avstandar til Voss (40min) og Bergen (2t)
PS! Nye nettsider er klare om kort tid
Om bedriften
Brakanes Hotel by Fjordtind ligg vakkert til ved fjordkanten i bygda Ulvik i Hardanger. Bygda har ca 1100 innbyggarar og er ein kjent destinasjon. Fjordtind Hotels består av 3 hotell i Hardanger og er ei ny hotellgruppe som satsar stort.
Hotellet har historie attende til 1860 og har 142 rom og eit stort tilhøyrande konferansesenter. Dei siste to åra har hotellet vore gjennom ei omfattande renovering og omprofilering og det er mykje spanande på gang. I det komande året har me hovedfokus på vidare utvikling av det nye mat- og drikkekonseptet vårt og på flotte gjesteopplevingar på hotellet, i bygda og i regionen.