Rådgivarar logistikk
Org. nr: - Stillingsident: 4098757465 Presentasjon av stillingen:
Sjukehussektoren står framfor store krav til endring, og det blir kontinuerleg gjennomført prosjekt og program som medfører investeringar og driftsomleggingar for sjukehuset. Sjukehuset har ein omfattande og kompleks logistikk, herunder også vareproduksjon. Det blir arbeidd kontinuerleg med lageroptimalisering, sporing og effektiv transportplanlegging.
Det er no 2 ledige stillingar som rådgivar innan logistikk og Supply Chain Management og begge stillingane rapporterer til avdelingssjef i Hospitaldrift. Hospitaldrift er en del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Vi har om lag 1000 medarbeidarar og eit breitt samansett fagmiljø som støttar opp under kjerneverksemda til sjukehuset. For meir informasjon om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonskrav finn du det lenger nede i Utlysninga.
Sjukehuset er i gang med implementering av nye arbeidsprosessar innan økonomi, innkjøp og logistikk, og SAP S4 HANA er valt som IKT-system. I samband med dette er det fleire ledige stillingar. Stillingane er organisert i Økonomi- og finansavdelinga og Drift/teknisk divisjon, og vil inngå i eit felles fagmiljø. Stillingane som er utlyste er programleiar økonomi og logistikk, leiarstilling innan logistikk (einingsleiar Sentralforsyninga) og fleire rådgivarar innan logistikk og innkjøp.
Arbeidsoppgåver
- Analyse og rådgiving for å bidra til optimale lager- og forsyningskjeder i sjukehuset.
- Bidra med implementering av SAP S/4 Hana og Transportation Management
- Deltaking i lokale og regionale utviklingsprosjekt innan prosessforbetring, IKT og bygg
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskole/universitetsnivå, helst med master i logistikk
- Erfaring frå større organisasjonar innan logistikk, Supply Chain Management
- God IKT-forståing og helst erfaring frå SAP eller andre store ERP-system innan lagerstyring
- Erfaring frå prosjektarbeid/-leiing
- God munnleg og skriftleg framstilling
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Analytisk
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Løsningsorientert og liker å levere
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Mange spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Bedriftsidrettslag
Kontaktinformasjon
Kari Riis, Avdelingssjef, 90156400
Arbeidsstad
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4098757465
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 02.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.