Vi søkjer jobbspesialist
Org. nr: - Stillingsident: 4470177449 Presentasjon av stillingen:
Er du energisk og uredd? Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vera tydeleg og direkte? Då kan du vera akkurat den personen vi leitar etter. Vi har ledig vikariat som jobbspesialist og søkjer etter deg som er motivert for stillinga. Du har stort pågangsmot og ønskjer å jobbe i eit pulserande og nyskapande miljø.
Vi treng jobbspesialistar med gjennomføringskraft til IPS-teamet. IPS er ein modell som skal bidra til at menneske, til tross for psykiske helseproblem, kan få og behalde ein jobb eller fullføre ein utdanning.Det er stort engasjement i teamet og vi er opptatt av måloppnåing. Målgruppa er menneske med alvorlege psykiske lidingar, eventuelt med samtidig rusproblem. Du vil, gjennom eit forpliktande samarbeid med spesialisthelsetenesta, vere ein integrert del av eit behandlingsteam tilknytta eit av våre samarbeidande distrikts psykiatriske senter (DPS) i Helse Fonna. Det er viktig at du har trua på at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb til tross for psykiske helseproblem eller andre utfordringar.
Stillinga er eit vikariat med varigheit til. 1.mars 2023. Du blir formelt tilsett ved NAV Kvinnherad, og vil ha eit tatt samarbeid med Folgefonna DPS og ha kontortid der. Du vil også vere mykje ute i lokalmiljøet.
Arbeidsoppgåver
Du skal nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakar, behandlarteam, NAV og arbeidsgjevar. Dette inneber at du skal:
- booke og gjennomføre møte med potensielle arbeidsgjevarar
- vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
- følgje opp eigen portefølje på inntil 20 deltakarar
- identifisere jobbsøkjarane sine interesser, sterke sider, evner og ferdigheiter og matcha dei med riktige jobbar
- rettleie jobbsøkjaren i søkeprosessen
- engasjera og motivera både jobbsøkjar, arbeidsgivar og teammedlemmer
- bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet.
- dokumentere arbeidet
Som jobbspesialist skal du jobbe etter IPS- metodikk i eit team med andre jobbspesialister ved NAV Sunnhordland og Folgefonn DPS.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet, helst innan helse -og sosialfag eller pedagogikk. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- gode kommunikasjonsferdigheiter
- førerkort klasse B
Det er ønskeleg at du har:
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter og lokal arbeidsmarknad
- gode digitale ferdigheiter
- rettleiingskompetanse
- erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
- erfaring med oppsøkjande kundekontakt og nettverksbygging
Personlege eigenskaper
Vi ser etter deg som:
- har evne til å motivere og engasjere
- er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne
- er resultatorientert
- har god evne til å bygge relasjonar
- har gode samarbeidsevner
- har gode servicehaldningar
Vi tilbyr
- Ein trivelig og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglige team
- Gode høve til personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Trening i arbeidstida
- Statleg tilsetting i stillingskode rådgjevar 1434 med lønnsspenn frå kr. 499 500,- til kr. 534 400,- per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjonsordninger gjennom Statens Pensjonskasse ( frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Sigrun Ersland Alvsvåg, IPS jobbspesialist og metoderettleiar, 453 94 480, sigrun.ersland.alvsvag@nav.no
Oddny Susanne Vågen, Leiar NAV Kinnherad, 957 68 966, oddny.susann.vagen@nav.no
Arbeidsstad
Sentrumsvegen 29
5460 Husnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4470177449
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2022
Sluttdato: 10.02.2023
Søknadsfrist: 18.02.2022
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling