Seksjonsleiar for LIS1
Org. nr: - Stillingsident: 4350770504 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ein seksjonsleiar som skal ivareta våre LIS1 og vidareutviklar LIS 1 tenesta som er i kontinuerleg endring.
Seksjonsleiar for LIS1 er tilsett i Bemanningssenteret. Leiar for LIS1 har ansvar for personaloppfølginga, rekrutteringa og for å binde tenesta saman med klinikkane, samt å vidareutvikle tenesta. Den daglege oppfølginga av legane er knytta til den eininga som legane til ei kvar tid arbeider ved. Overlege ved seksjon for Fag- og utdanning har det overordna fagansvaret for LIS1 og samarbeider tett med seksjonsleiar.
Kvart halvår tilset Helse Bergen 27 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus. LIS1-tenesta består av totalt 18 månader, med 12 månader i sjukehus og 6 månader i primærhelsetenesta. Bemanningssenteret gjennomfører rekrutteringsprosessen saman med legar frå sjukehuset og legar frå primærhelse-tenesta. Det er mellom 550 og 700 søkjarar til kvart opptak og leiar for LIS 1 vil ha ansvar for at rekrutteringsprosessen vert gjennomført på ein god og transparent måte og sikrar at Helse Bergen følgjer Helsedirektoratet sine føringar.Les meir om LIS1
LIS 1 arbeider ved ulike einingar og seksjonsleiar skal skape stabililitet og tryggheit for legane gjennom heile tenesta. Saman med fagansvarleg overlege, rettleiarar og leiarar ved kliniske einingar skal seksjonsleiar sikre at den enkelte LIS1 oppnår dei planlagde læringsmåla for utdanningsløpet i spesialisthelsetenesta, samt bidra til at legane utviklar seg til å bli dugandes og likandes.
Bemanningssenteret på Haukeland universitetssjukehus er landets største interne bemanningseining. I tillegg til LIS 1 har vi helsepersonell, merkantilt personell og servicepersonell tilsett. I Bemanningssenteret vil du få 23 særs hyggelege kollegaer som likar utfordringar, og vi er ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga i Helse Bergen.
Som seksjonsleiar for LIS1 arbeider du sjølvstendig og du vil inngå i eit gruppeleiarfellesskap. Du rapporterer til avdelingssjef Britt Velsvik ved Bemanningssenteret.
Arbeidsoppgåver
- Rekruttere LIS1 til sjukehuset
- Personaloppfølging
- Samhandling med kliniske einingar, fagansvarleg overlege, primærhelsetenesta, Fylkeslege og Helsedirektoratet
- Vidareutvikle tenesta til å bli ei av dei beste i landet ved kontinuerleg forbetringsarbeid
- God samhandling med tillitsvalde og vernetenesta
Kvalifikasjonar
- Erfaring med rekruttering er eit føremon
- Relevant leiarerfaring og/eller -utdanning vil bli vektlagt
- Høgare utdanning
- God kunnskap om og erfaring frå spesialisthelsetenesta
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring og interesse for forbetringsarbeid
- Erfaring frå samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta
- Kunnskap om lov- og avtaleverk knytta til arbeidstid for legar er ein føremon
- Interesse for og kjennskap til spesialistutdanning for legar
Personlege eigenskapar
- Du er konstruktiv, involverande og nytenkjande
- Du skapar gode relasjonar
- Du har evne til å motivere
- Du er tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
Vi tilbyr
- Varierte og viktige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Britt Velsvik, Avdelingsleiar, 970 40 166
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4350770504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.03.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.