Avdelingsleiar / SFO-leiar ved Nore Neset barneskule
Org.nr.:844458312 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar / SFO-leiar ved Nore Neset barneskule frå 01.08.2021
Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad Nore Neset barneskule ligg plassert på Skeismyra i Nore Neset-krinsen, med svært gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Skuleåret 2021-22 har vi 345 elevar og om lag 45 medarbeidarar. Visjonen vår er "Saman om læring" og kommunal satsing er retta mot livsmeistring og vidareutvikling av godt læringsmiljø. Les meir om skulen på nettsida: http://www.noreneset.no.
Skulen er ein del av Bjørnafjorden kommune, der vi jobbar etter desse verdiane:
- Vi lyttar med respekt
- Vi finn smarte løysingar
- Vi gjer det vi seier
- Vi er inkluderande
Arbeidsoppgåver Vi treng avdelingsleiar som saman med leiargruppa;
- er ansvarleg for drift av SFO, og 1. -- og 2. trinn.
- har personalansvar.
- leiar det pedagogiske utviklingsarbeidet
- inspirerer andre og bidrar til livsglede og arbeidslyst
- bidrar til samarbeid og gode relasjonar blant elevar og i personalet
- skaper engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat
- er utvikling- og endringsmotivert, er fleksibel og har god kapasitet
- har gode relasjons-og kommunikasjonsevner
- bidrar med god påverknad i vidareutvikling av eit utviklingsorientert leiarteam
Avdelingsleiar får òg ansvar for ulike forvaltningsoppgåver som til dømes timeplanlegging, prøveadministrasjon, personalarbeid, vikararbeid, medansvar for økonomi og elles den daglege drifta. Noko undervisning må påreknast.
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Skulen har som mål å få mest mogleg komplettær leiing - så den rette søkjaren vil bli vurdert opp mot leiinga skulen alt har.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som;
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Leiarstøtte og mentorordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Børge Lunde, Mobil +47 905 25 852, Epost: blu@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?