Vil du vere med og bidra til utvikling av sjukehusa på Vestlandet gjennom utvikling av analyser og kunnskapsbaserte verktøy?
Org. nr: 983658725 Stillingsident: 4005476265 Presentasjon av stillinga:
Helse Vest er ein innovativ og framtidsretta helseregion med eit aktivt analysemiljø. Vår ambisjon er å bidra til å løyse viktige utfordringar og å vidareutvikle og forbetre pasientens helseteneste ved å legge til rette for verdifull strategisk, taktisk og operasjonell innsikt for leiarar og medarbeidarar i sjukehusa.
Helse Vest RHF skal styrke analysemiljøet, og søkjer ein teknologi interessert analytikar som ønskjer å vere ein pådrivar for analysar og kunnskapsbaserte verktøy. Som analytikarar i Helse Vest RHF jobbar du tett med analysemiljøa i sjukehusa og Helse Vest IKT. Du får moglegheit til å arbeide med spanande og samfunnsviktige problemstillingar og data-drivne løysningar på tvers av verksemder og fagområder.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle analysar og kunnskapsbaserte verktøy.
- Delta i prosjekt innanfor avansert datamodellering og datavitskap/kunstig intelligens.
- Bidra til kunnskapsdeling, læring og samarbeid.
- Presentasjon av innsikt frå analysar og opplæring i kunnskapsbaserte verktøy.
Kvalifikasjonar
- Beherske numeriske og statiske metodar.
- Praktiske ferdigheitar i modellering og analyse ved bruk av PowerBI/DAX og Python eller andre data- og analyseverktøy.
- Evner å handtere komplekse problemstillingar.
- Evner å utarbeide brukarvennlege og pedagogisk gode framstillingar og presentasjonar av resultat frå analysar og modellar.
- Evner å både arbeide sjølvstendig og samarbeide i team for å oppnå felles resultat.
- Mastergrad innan IKT/data teknologi, informatikk, matematikk, statistikk, fysikk eller analyse (<>).
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Du er nysgjerrig, utforskande og læringsvillig.
- Du er pragmatisk og evner å dra team i riktig retning.
- Du har stor gjennomføringsevne og samarbeider godt med andre.
- Du er open og motivert av moglegheitene teknologi og data gir for innsikt.
Vi tilbyr
- Spanande, innovative, utfordrande og varierande arbeidsoppgåver.
- Ei bratt læringskurve, der du tidleg får ansvar for sjølvstendige oppgåver og deltek i viktige prosjekt i helsetenesta.
- Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, og aktive og interessante fagmiljø.
- Ei brei kontaktflate lokalt, regionalt og nasjonalt.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Hilde Brit Christiansen, Direktør medarbeider, organisasjon og teknologi, 415 33 809
Johanne Kalsheim, Rådgivar, 910 01 576
Arbeidsstad
Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Vest RHF
Ref. nr.:4005476265
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 12.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4005476265&company_id=51961&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest i tillegg til Helse Vest IKT AS. Føretaksgruppa har om lag 29 000 medarbeidarar, omfattar om lag femti sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til nær 1,1 million innbyggjarar. Driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. Helse Vest RHF har kontor på Forus i Stavanger. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.