Spesialpedagog ID 896
Ved Kviteseid kommune, barnehagane er følgjande stilling ledig:
Spesialpedagog ID 896, 80 -100%, vikariat, tilsetjing barnehageåret 2019-2020.
Kviteseid kommune har ledig vikariat i 80 % stilling som spesialpedagog i barnehagane barnehageåret 2019-2020. Det er moglegheit for at vikariatet kan bli forlenga. Det er ynskjeleg med spesialpedagog med fordjuping i logopedi, men ikkje eit krav. I så fall vil stillingstorleiken vera 100%.
Arbeidsoppgåver:
- Som spesialpedagog i barnehagane er hovudoppgåva di å jobbe med barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i alle barnehagane i Kviteseid kommune. Næraste leiar er kommunalsjef skule og barnehage.
Kvalifikasjonar:
- Høgskule/universitetsutdanning som spesialpedagog, gjerne med fordjuping i logopedi
- Du må ha førarkort og stille eigen bil til disposisjon.
Personlege eigenskapar:
- Gode faglege kunnskapar, interesse og engasjement for faget
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheitar
- Evne til å jobbe sjølvstendig er avgjerande
- Løysingsorientert og fleksibel
- Positiv og imøtekomande
- Gode evner til samarbeid, både med barn, føresette, tilsette og hjelpeinstansar
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.
Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef skule og barnehage ved
Ingunn Haugland på tlf. 350 68 118 / 924 240 86.
Om bedriften
Kviteseid barnehage ligg saman med Kviteseid skule i nærleiken av Kviteseid sentrum. Barnehagen har 59 plassar for born i alderen 1-5 år.
Brunkeberg oppvekstsenter har 48 plassar for born i alderen 1-5 år.
Straumsnes oppvekstsenter ligg i Vrådal og har 18 plassar for born i alderen 1-5 år.