Ute etter sommarjobb som BPA i Valldal?
No har du sjansen til å jobbe for meg! Eg heiter Anne-Sofie, er 24 år og treng deg som sommarvikar i 4 uker i sommar! Tidsrommet er frå 06.juli-02.august. Du vil då arbeide som BPA-assistent, ca 20 timar per veke.
Ditt arbeid blir å følgje meg dit eg skal, anten det er til arbeid, på aktivitetar, eller i heimen. Du legg tilrette for at eg meistrer daglegdagse oppgåver og hjelper meg å passe tida.
Eg ønskjer at du er serviceinnstilt, strukturert og ser gleden i å hjelpe andre.
Har du slike eigenskapar, er det fint om du likar:
· Reinhald
· Matlaging
· Å følgje til aktivitetar
· Å være med når eg skal trene
· Å ta initiativ til turar og aktivitetar
Du blir på sett og vis en vegleiar for meg, sidan eg meistrar mange oppgåver til eit visst punkt.
Arbeidstida vert i hovudsak kvardagar på dagtid eller kveld.
Sidan ein del av arbeidet inneber kjøyring, må du ha førarkort klasse B, samt moglegheit til å disponere eigen bil. Kjøyregodtgjersle følgjer med. Du treng og plettfri politiattest for å jobbe hos meg.
Høyrast dette interessant ut, synes eg du skal søkje stillinga. Du er spesielt aktuell om du er dame, og snakkar og forstår norsk.
Om bedriften
Prima Assistanse er en tilbyder av assistanse innenfor BPA-tjenester. Prima Assistanse er et anerkjent privat firma som har som formål å tilrettelegge tjenester med høy kvalitet som passer den enkeltes behov. Vi har hovedkontor i Oslo og avdelingskontor en rekke steder i landet.