Jordbrukssjef
Søknadsfrist: 10 mars 2020 Vikariat i 100% - jordbrukssjef ID 658
Då landbrukssjefen vår skal ut i permisjon, har vi ledig eit vikariat i 100% innan jordbruk frå 1. juli 2020 -- ca. 1. august 2021. Stillinga ligg til Plan-, næring og teknisk etat.
Hovudoppgåver vil vere handsaming og kontroll av tilskotssaker, produksjonstilskot, RMP og SMIL -- midlar, tilskot etter Tokke sin landbruksplan statlege midlar til drenering og erstatningssaker på avlingssvikt og rovdyr. Andre sentrale oppgåver vil vere innan lovforvaltning, særleg med konsesjonssaker og jordlov. Utviklingsarbeid innan landbruksnæringa i Tokke er og eit prioritert område, med rådgjeving kring utvikling av drifta og moglegheiter for attåtnæring, foredling o.l.
Vi søkjer ein person med relevant fagkompetanse innan området og som har gode samarbeidsevne, er engasjert og løysingsorientert. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til formell kompetanse.
For nærare informasjon og spørsmål ta kontakt med landbrukssjef Gunnhild Breiland eller kommunalsjef Gunhild Austjord, tlf. 350 75 200.
Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.