Verksemdsleiar IKT drift
Vi søkjer deg som vil ta utfordringa med å leia og sikre IKT Drifttenester for Ullensvang kommune.
Ullensvang kommune vart etablert 01.01.2020 etter samanslåing av Jondal kommune, Ullensvang herad og Odda kommune og ein er i stadig utvikling og endring samstundes som ein skal sørga for at infrastruktur og løysingar fungerer for innbyggjarar og tilsette.
Kommunen har digitale løysingar som førsteval og har valt Google som samhandlingsplattform internt. Digitalisering har eigne rådgjevarar som er organisert i sektorane og i administrasjonen. Det vil vera sentralt med eit tett samarbeid mellom IKT Drift og digitalisering for å skapa ein fremtidsretta kommune.
Driftsforma i kommunen er basert på eksterne driftsleverandørar og skytenester.
Verksemda er lokalisert i rådhuset i Odda, med avdelingar på kommunehusa i Kinsarvik og Jondal. Det er totalt 5 årsverk knytt til verksemda.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Leiing, drifts- og utviklingsansvar for verksemda
- Følgja opp digitaliseringsstrategien i nært samarbeid med digitalisering og verksemdene
- Planlegging av IKT-infrastruktur og driftsform
- Ansvarleg for leverandørsamhandling
- Syta for at brukarane opplever høg servicegrad og at tenestene til innbyggjarar og interne verksemder tilførast verdi
- Økonomistyring med budsjett og rekneskapsansvar
- God samhandling med verksemdene, samt ulike interne og eksterne aktørar
Ynskte kvalifikasjonarar for stillinga :
- Relevant utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis mastergrad
- Leiarerfaring
- Erfaring med prosjektleiing
- Erfaring med systemutvikling og systemintegrasjon
- Erfaring med Google sine produkt/løysingar
- Forståing for IKT-relaterte implikasjonar i offentleg verksemd, og er trygg på planleggings- og styringsteknikkar.
- Kjennskap til ITIL (IT Infrastructure Library) som metodikk
- God språkkunnskap i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Evne til og ynskje om å utvikla seg videre kan vega opp for manglande formell kompetanse og erfaring
Personlege eigenskapar:
Denne jobben krev initiativ, fleksibilitet, rasjonell haldning, og analytisk tenking.
Andre grunnleggjande eigenskapar er evna til å kommunisere og samhandle effektivt med kolleger, kundar og leverandørar. Dette krev høgt organisatorisk medvit, så vel som evna til å planlegga, organisera, ta avgjerder, og gje rettleiing og oppfylgjing.
Vidare skal ein kunna bygga og oppretthalda eit godt samarbeid med kunder og leverandørar.
Fokus på tydeleg, open og raus dialog internt og eksternt.
Til slutt er det viktig at du er i stand til å vurdera, samanlikna og velja ulike teknologiar og produkt i høve til kommunen sine behov.
Ullensvang kommune kan tilby:
- Ein interessant, utfordrande og meiningsfylt jobb med gode høve til utvikling
- Ei sentral rolle i utviklinga av Ullensvang kommune
- Eit stabilt, godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår