Vikar fastlege
Org. nr: - Stillingsident: 4219309262 Presentasjon av stillingen:
Me søkjer vikar fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter. Vikariatet er ledig omgåande og varighet inntil 6 månadar frå oppstart med moglegheit for forlenging. Det er mogleg å drøfte avtale om fastlønnsordning.
Arbeidsoppgåver
Følge opp pasienter på liste, listestørrelsetak 900. For tida er det ingen kommunale oppgåver knytt til heimelen.
Legevakt ca. 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og i tidsrommet 08-23 i helger.
Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes, ca. 60-delt kl 23-08.
Kvalifikasjonar
Søkjer må ha norsk autorisasjon og refusjonsrett. Vidare ønskeleg med gjennomført LIS1 og erfaring frå allmennpraksis, men ikkje eit krav.
Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
Behersker norsk munnleg og skriftleg.
Gode samarbeidsevner.
Kan arbeide godt sjølvstendig.
Vi tilbyr
Sandtangen legesenter ligger sentralt plassert på Bryne i Time kommune. Legesenteret holder til i moderne og funksjonelle lokale og husar seks fastlegar. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert nytta.
Velutstyrt og veldrive legesenter med eiga skiftestove og laboratorium. Moderne ultralydapparat. Medarbeidarar er sjukepleiarar og bioingeniør. Stabilt kollegium, dei fleste spesialistar i allmennmedisin.
Kontaktinformasjon
Heidi Garborg, Verksemdleiar, 99315148
Arbeidssted
Kirsten Brynes veg 17
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4219309262
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 27.04.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.