Vikariat - rektor - Samnanger ungdomskule
Org. nr: - Stillingsident: 4094241658 Presentasjon av stillingen:
Vi treng vikar - skuleåret 2019/20 - for rektor som gjennom begeistring og engasjement vil vere med på å leia skulen i utviklingsarbeid på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Me arbeider systematisk med å fremja elevane sitt læringsutbyte gjennom faglege og helsefremjande tiltak. Skulens visjon: <<Ein god stad å vera, ein god stad å læra.>> Skulane skorar jamt over svært godt på nasjonale måleindikatorar.
Som skuleleiar i Samnanger kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Samnanger kommune, med særleg vekt på eit godt læringsmiljø.
Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger, er nynorskkommune, og har om lag 2500 innbyggjarar. Kommunen har ca. 265 tilsette, fordelt på 180 årsverk. Samnanger har ein barneskule og ein ungdomsskule, to kommunale barnehagar og ein privat barnehage.
Samnanger ungdomsskule (SUS) har om lag 80 elevar og 20 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Leia skulen i tråd med overordna mål og strategiar
- Pedagogisk utviklgingsarbeid
- Økonomiansvar
- Personalansvar
- Utvikla skulen som ein lærande organisasjon
- Medverka til god samhandling med tilitsvalde og verneombod
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå og solid skuleerfaring, gjerne rektorerfaring.
- Relevant leiarerfaring
- Du kan vise til god resultatutvikling
- Du har gode kommunikasjonsferdigheitar
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- Du må vera ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Din leiarstil er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og god gjennomføringsevne
- Du er løysingsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Vi tilbyr
- Ein spanande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling med leiargruppa
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Leiarstøtte
- Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Me gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktinformasjon
Bodil Helliesen Øpstebø, Rektor, 56589960/56589961, bodil.opstebo@samnanger.kommune.no
Arbeidsstad
Tyssevegen 217
5650 Tysse
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Samnanger kommune
Referansenummer:4094241658
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 23.06.2019
Om bedriften
*Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger, er nynorskkommune, og har om lag 2 500 innbyggjarar. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 45 minutt. Kommunen har ca. 280 tilsette, fordelt på 188 årsverk. Samnanger har ein barneskule og ein ungdomsskule, to kommunale barnehagar og ein privat barnehage. *