Ingeniør/Sivilingeniør
Ingeniør/sivilingeniør med bakgrunn frå el-kraft
Stryn Energi vil styrkje sitt mannskap på ingeniørsida og søkjer kollega som skal bidra til effektiv utvikling, drift og prosjektarbeid i nettselskapet.
Arbeidsoppgåver inkluderar m.a.:
- Prosjektering og god gjennomføring av serviceoppdrag og byggeoppdrag i distribusjonsnettet
- Planlegging og oppfølging mot entreprenørar og andre eksterne partnarar
- Rapportering til myndigheiter (m.a. DSB, NVE)
- Prosjektarbeid med utvikling av nye arbeidsmetodar og innføring av nye softwareverktøy for å drive nettet mest muleg effektivt.
- Digitalisering, bla. fjernstyring og overvåking
- Analyse av nettet, for å prioritere investeringane
Energimontør i fast stilling eller vikariat
Vi søkjer etter ein person med godt humør, positive haldningar og nødvendige faglege og formelle kvalifikasjonar, som likar å arbeide ute heile året under varierande forhold. Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på personlege eigenskapar, som evne til å leie seg sjølv og ta ansvar for arbeidsmiljøet, eigen motivering og vilje til å stå på når det trengst.
Arbeidsoppgåver inkluderar m.a.:
- Bygging, drift og vedlikehald av høgspent og lågspent nettanlegg. Både luft- og kabelanlegg
- Transport av nødvendig materiell til byggeplass
- Halde orden og system på lageret
- Villig til å inngå i vaktordning.
Søknadsfrist: Søndag 26. april 2020.
Søknad med CV sendast elektronisk til: ingenior@stryn-energi.no
ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Om bedriften
Stryn Energi har ansvar for utvikling og drift av straumnettet i Stryn kommune. Konsernet driv i tillegg med sal av straum til sluttkundar, kraftproduksjon og fiber. Vi har 22 tilsette og ei årsomsetning i konsernet på om lag MNOK 100.
Stryn Kommune er i utvikling, og dette stiller krav til Stryn Energi. Vi har god vekst i antall nettkundar, stor
cruisetrafikk som er i ytterlegare vekst og står framfor mange spanande moglegheiter i samband med elektrifisering.
Vi skal nytte moglegheitene som ny teknologi og digitalisering gjev, i tillegg til aktivt samarbeid gjennom alliansar og
bransjeorganisasjonar for å drive mest mogleg effektivt.