Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4098035253 Presentasjon av stillingen:
Ved Mork rehabiliteringssenter har vi ledige sjukepleiestillingar:
- 1x fast stilling i 50% frå 22.07.2019
- 1x 75% vikariat i perioden 01.09.2019 - 30.08.2020
- 1x 100% vikariat i perioden 01.09.2019 - 30.08.2020
Ver vennlig opplys kva for ei stilling du søkjer på. Interne omrokkeringar kan gi andre ledige stillingar. Det kan være høve til forlenging av vikariat.
Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal.
Vi legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane.
Mork Rehabiliteringssenter har 18 døgnplassar og gir tilbod om rehabilitering til pasientar med komplekse funksjonsvanskar. Aktuelle diagnosegrupper er hjerneslag, erverva hjerneskadar, multitraumer, følgjetilstandar etter kreft, nevrologiske lidingar og andre med behov for spesialisert rehabilitering.
Rehabiliteringssenteret dekker eit stort geografisk område og tek imot pasientar frå sjukehusa og frå kommunane i Møre og Romsdal.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå rehabiliteringsfeltet og evt. vidareutdanning i tverrfagleg rehabilitering
- Må beherska norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Dyktig til å samarbeide, motivere og skape gode interne og eksterne relasjonar
- Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Løysingsorientert og positiv
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar innan rehabiliteringsfeltet
- Varierte arbeidsoppgåver i eit særs godt tverrfagleg rehabiliteringsmiljø
- Påverkning av turnus gjennom BAT, (bevegeleg arbeidstid)
- Løn etter overeinskomst
Attestar og vitnemål må scannast og sendast som vedlegg saman med søknaden.
Kontaktinformasjon
Anita Myklebust Nybø, Seksjonsleiar, 70168900, anita.myklebust.nybo@helse-mr.no
Arbeidsstad
Rydet 16
6105 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4098035253
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 28.07.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal