Er du sjukepleiarstudent eller helsefagarbeidar ...
Eldremedisinsk post alderspsykiatri, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/helsefagstudent
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Brenn du for at eldre skal få ei heilskapleg spesialisthelseteneste? Me har no to ledige helgestillingar ved alderspsykiatrisk døgnpost!
Hos oss finn du eit arbeidsmiljø prega av glede, tverrfagleg samarbeid, og der den beste pasientomsorga alltid står i fokus.
Som ein del av teamet vårt får du moglegheita til å byggja kompetanse gjennom erfaringar og tverrfagleg samarbeid, samtidig som me legg stor vekt på fagleg utvikling.
Du vil få ein jobb der du og pasienten blir sett og høyrd, og du kan vera trygg på at du får utvikla deg i eit positivt og lærerikt miljø.
Høyrast dette spennande ut? Søk no, og bli med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
- Arbeid på post, undervisning og rettleiing, tverrfagleg samarbeid.
- Yte god omsorg for pasient og dei pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisert helefagarbeidar
- Ynskje om vidareutdanning innen psykiatri/demensomsorg
- Rekrutteringsstilling for 2. og 3. års sjukepleiartudentar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert
- har gode kommunikasjonsevner
- er ansvarsbevisst
- viser respekt for kvar enkelt pasient
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Fagleg og personleg utvikling
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Reidun Erland, Funksjonsleiar - Alderpsykiatrisk post, 46889361, reidun.erland@helse-fonna.noDoreen Halleland, Avdelingsleder, 41692564, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4871283946
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 01.11.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2766809
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8be1868013e843c1844ceb9b4bf99c07