Lege i spesialisering - Lungemedisin
Ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus, er det ledig fast stilling for Lis2/Lis3 i Lungemedisin.
Medisinsk avdeling har eit godt og aktivt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har 8 overlegar, 7 Lis2/Lis3 og 6 Lis1.
Vi har i dag 7 Lis2/Lis3, men vi bemanna opp og aukar nå til 9 stillinger. Vi endrar vaktplanen slik at vi får ein todeling av vaktdøgnet som inneber at ein ikkje treng å jobbe døgnvakter. Hos oss vil du få moglegheit til å delta på anbefalte kurs for spesialisering og det er faste fordypningsdager i den rullerande arbeidsplanen. Som Lis2/Lis3 i avdelinga vår deltar du i vaktarbeid i akuttmottak, postarbeid og poliklinikk. Som Lis2/Lis3 hos oss vil vil du få mykje ansvar og innverknad og bli godt fulgt opp av våre faste overleger (indremedisinere, kardiologer, lungeleger, gastroenterologer og nefrolog). Vi setter trivsel på jobb svært høyt, og tror at det bidrar til økt kvalitet i vår avdeling.
Stillinga er lagt opp som LIS2 i generell indremedisin og LIS3 i lungemedisin. Utdanningsplan for Lis2 delen finn du her: Utdanningsplan
LIS-utdanninga fullføres i avtalt samarbeid med lungeseksjonen på Haugesund sjukehus og Lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Medisinsk avdeling består av:
- 2 medisinske sengepostar med tilsammen 30 senger
- Felles intensiv/oppvakings avdeling og dialyse-enhet som er tilknytta intensivavdelinga.
- Akuttmottak med 4 observasjonssenger
- Medisinsk poliklinikk
Sjukehuset vårt har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Ved medisinsk avdeling har me årleg ca. 3660 innleggingar, 9000 polikliniske konsultasjonar og om lag 1500 dagpasientar.
Vi har byliv tett på sjø og fjell og mange flotte turløyper i kommunen. Her kan du bu landleg eller sentralt med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsannlegg i nærområdet. Oppvekstvilkåra for barn og ungdom er gode, vi har fleire barne- og ungdomsskular, og eit mangfoldig tilbod innan idrett, kunst og kultur. På Stord finn ein fleire vidaregåande skular og Høgskulen på Vestlandet.
Stord er ein landfast bykommune sentralt plassert mellom Stavanger og Bergen. Vi har flyplass med direkterute til Oslo, og kommunen er elles eit sentralt trafikknutepunkt. Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg!
Tidspunkt for oppstart i stillinga kan avtalast. Tilsetting i stillingane kan skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining
- Delta i utgreiing og behandling
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1-teneste
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg (tilsvarande Bergenstesten)
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Evne til å ta sjølvstendige avgjersler
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Gratis bolig ved sykehuset i en periode
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Helse Fonna Bonus
- Regelmessig internundervisning
- Kontorplass
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Philipp Reichel, Seksjonsoverlege, 41075030Sunniva Austlid, Seksjonsleder, 90096097
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4494625484
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.