Rådgivar
Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er akkreditert etter ISO 15189 og omfattar fagområda blodbank, klinisk kjemi/immunkjemi, protein/allergi, hematologi/koagulasjon og service. Seksjonen har 56 stillingar med om lag 65 tilsette.
Vi søkjer no etter ein rådgivar i seksjonen vår.
Medisinsk biokjemi og blodbank er ein veldreven seksjon. Som rådgivar skal du i tett samarbeid med seksjonsleiar vere med på å organisere og tilrettelegge arbeidsdagen for våre bioingeniørar og helsesekretærar. Du blir medlem i seksjonsrådet og får fleire dyktige kollegaer som du skal samarbeide med. Som rådgivar for mange, må du like å leggje til rette arbeidsdagane for dei tilsette. Du må vere oppteken av sjukefråværsoppfølging, og du må ha kunnskap om rettleiing.
Avdelinga har eit nært samarbeid med bioingeniørutdanninga ved NTNU, og seksjonen har årleg mange bioingeniørstudentar i praksis.
Dei neste åra står vi framføre utskifting av mykje medisinsk teknisk utstyr. Dette medfører også ein del ombygging og endringar.
Syns du at denne stillinga høyrest fristande ut, er du velkomen til å søkje.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for oppfølging av personalet i seksjonen, herunder turnusplanlegging
- Medverke til organisering av opplæring, oppdatering og kompetanseutvikling for dei tilsette i seksjonen
- Delta i prosjektarbeid på seksjon og avdelingsnivå
- Bidra i effektiviseringsarbeid på seksjon og avdelingsnivå
- Bidra til samarbeid på tvers
- Bidra i arbeid knytt til Norsk akkreditering på seksjon- og avdelingsnivå
- Oppfølging av studentar i praksis
- Medansvar for god forvaltning av ressursar knytt til seksjonen si verksemd
- Medverke til ei god koordinering og forvaltning av seksjonen sine totale ressursar
- Delta i seksjonsråd og anna møteverksemd i seksjonen
- Bidra til godt samarbeid på tvers i sjukehuset
- Delta i utarbeiding av seksjonen sine mål og planar for verksemda
Rådgivar kan etter avtale få delegert andre oppgåver frå seksjonsleiar.
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning, med autorisasjon
- Kjennskap til analyseverksemda innanfor fagområda medisinsk biokjemi og blodbank
- Relevant erfaring og vidareutdanning blir vektlagt
- Gode samarbeidsevner, evne til å skape trivsel og bygge godt arbeidsmiljø
- Ha kjennskap til «Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten», Blodforskrifta og akkrediteringsstandarden NS-EN ISO 15189
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
- Evne til omstilling og interesse for vidareutvikling
- Evne til å skape samarbeid for å oppnå felles mål
- Evne til å motivere medarbeidarar til vidareutvikling og omstilling
- Relevant IT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg, inspirerande og inkluderande
- Du har gode formidlingsevner
- Du evnar å motivere og utvikle medarbeidarar
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Deltaking i ei inspirerande leiargruppe med dyktige kollegaer som har pasientane i fokus, samt kontinuerlig utvikling og omstilling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marie Nora Roald, Seksjonsleiar, 41570968, marie.nora.roald@helse-mr.noBrit Valaas Viddal, Avdelingssjef, 41400934, Brit.Valaas.Viddal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5033082178
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a5017247-f7ab-4499-aacd-0b57dd74738c
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bde4a7fab213497a96419f92b30bd0ec
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Rådgiver
Arbeidsgiver
HAMNØY AS
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund