Byggeleiar vegprosjekt
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Byggeleiar vegprosjekt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. juni
Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter byggeleiar innanfor veg. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor
prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne prosjekt med ulik størrelse og kompleksitet- Følge opp prosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og
overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekta innafor definerte mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til grunnarbeider/anleggsprosjekt
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar.- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta.
- Sjå behov og ta ansvar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Solgunn Langlo, Prosjektleiar veginvestering , 47898683, solgunn.langlo@mrfylke.noTorbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5128668505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4cbd720-2031-49c9-9c13-d49c6b4ae41b
- Sist endret
18. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9948bff022f0400193ed9a061015c405