Lærar i akvakultur
Org. nr: 974557592 Stillingsident: 4387749998 Presentasjon av stillingen:
Austevoll vgs har 35 tilsette og ca. 200 elevar. Skulen har tilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag, maritime fag og helse og oppvekstfag.
100 % fast stilling som faglærar på vg2 akvakultur ettersom skulen frå hausten 2021 får ein til klasse i akvakultur.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
Du må kunne undervise i programfaga på vg2 akvakultur, samt noko undervisning på vg1 naturbruk. Det meste av undervisninga vil vera praktisk retta og bli gjennomført i skulen sin akvahall, på sløyerommet eller ute på ulike oppdrettsanlegg.
Kvalifikasjonar
Du må ha praktisk erfaring og fagbrev, eller anna relevant utdanning, innan akvakultur. Det er også ønskeleg med høgare yrkesteoretisk utdanning (fagskule). Du må ha praktisk pedagogisk utdanning for å kunne undervise på vidaregåande skule. Personar utan praktisk pedagogisk utdanning kan òg søke stillinga, men må då ta denne utdanninga innan 3 år etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du må vera motivert og interessert i å vera med å utvikla skulen si utdanning innan akvakultur. Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga lystbetont og engasjerande.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø på ein flott skule, med moderne og framtidsretta praksis- og undervisningsarena. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen, rektor , 40221441
Arbeidsstad
5392
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4387749998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.