Undervisningsstillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4195913844 Presentasjon av stillingen:
Geiranger skule er ein 1-10 skule med rundt 20 elevar. Skulen ligg i eit verdsarvområde med gode mulegheiter til bruk av nærmiljøet i undervisninga. Barnetrinnet er todelt og ungdomstrinnet udelt. Skulen har ca. 5,5 lærarstillingar. Skulen er samlokalisert med barnehage og folkebibliotek. Skulen har SFO.
Frå 01.08.2020 har vi ledig:
- 100% fast undervisningsstilling, barnetrinnet
- 100% fast undervisningsstilling, ungdomstrinnet
Vi ber om at det går klart fram av søknaden om den gjeld ei eller begge stillingane.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av god undervisning. Arbeide med grunnleggande ferdigheiter for elevane
- Drive god klasse- og gruppeleiing
- Arbeide med kartlegging av læringsresultat, tilpassing av undervisning og oppfølging av enkeltelevar og gruppe av elevar
- Ha eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i skulen
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha godkjent utdanning som lærar
- Vi ønskjer primært grunnskulelærarar 1-7 og 5-10, men andre er også velkomne til å søkje
- Erfaring som kontaktlærar er ønskjeleg
- Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert for midlertidig tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Vi verdset evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarleg og fleksibel. Vi søkjer personar som vil bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar, føresette og kollegaer.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg og sosialt miljø med fokus på utvikling
- Gode arbeidsforhold
- Høve til å vere med å påverke eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
- Oppfølging i arbeidskvardagen
Kontaktinformasjon
Tove Gjerde, Einingsleiar/ rektor, (+47) 46411179
Arbeidsstad
Maråkvegen 54
6216 Geiranger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Stranda kommune
Referansenr.:4195913844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir