Bakerstilling i Oppstryn
Vi søker etter en baker i ca. 100% stilling. Arbeidet omfattar jobbing på natt, frå ca. 04.00 og tidlegare i periodar. Dagvakter er også aktuelt. Du må kunne jobbe sjølvstendig. Bedrifta er sesongbasert der vi har mykje på sommaren, og mindre å gjere i periodar. Jobben kan også vere å lage kaker, lefser mm.
Om bedriften
Matstova er ei familiebedrift med produksjon og selskapslokale i Oppstryn, + sommarkafe i sesongen. Vi har også eit bakeriutsal i Stryn sentrum der vi har ope heile året. Vi bakar all slags gjærbakst, kaker, lefser, flatbrød, julekaker, osv.