PP-rådgjevar
Org. nr: 923720987 Stillingsident: 4198320286 Presentasjon av stillingen:
Vestland fylkeskommune har etablert rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Vestland Nord sel i tillegg PP-tenester til nye Stad kommune. Tenesta skal bidra til lærelyst og fremje læring for barn, elevar og lærlingar. Vidare skal tenesta vere med å legge til rette for at flest muleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med barnehagar, skular, kommunar og andre aktuelle instansar. Frå 01.08.20 har Vestland Nord ledig 70 % stilling som PP-rådgjevar innanfor barnehage/grunnskule.
Arbeidsoppgåver
Hjelpe barnehagar/grunnskule med kompetanse - og organisasjonsutvikling, og skrive sakkunnige vurderingar der lova krev det.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå universitet eller høgskule i relevante fag som pedagogikk, spesialpedagogikk eller psykologi. Arbeidserfaring minimum fem år. Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning. God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk. Evne til å tenke analytisk. God systemforståing. Rettleiingskompetanse og erfaring frå barnehage/skule. Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Lærevillig, fleksibel og evne til å tileigne seg ny kunnskap. Reflektert og løysingsorientert. Inkluderande og byggjer gode relasjonar. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid. Stort engasjement og evne til å motivere. Evne til å arbeide med og løyse problemstillingar i team. Arbeider strukturert, systematisk, sjølvstendig og målretta.
Vi tilbyr
Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit spanande og breitt fagleg fellesskap. Løn etter avtale. Dekking av flytteutgifter. Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingarvert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Margrethe Eikrem Aarset, Leiar, 41243344, margrethe.eikrem.aarset@vlfk.no
Arbeidsstad
Sophus Lie veg 1
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4198320286
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 15.03.2020