Sommarjobb fyr- og lyktevedlikehald - Tilsynslag Midt Norge
Kystverket rederi har ledige sommarjobber ved:
Tilsynslag Midt Norge med oppmøte Brekstad/Rørvik/Ålesund
Arbeidsperiode er frå veke 18 tom veke 35 - med arbeid- og friperioder etter plan.
Arbeidsoppgåver
- Tilsynslaget har base på land og tek seg fram i småbåt eller bil.
- Arbeidet ved tilsynslaget vil for 2 av sommervikarane i hovedsak bestå av tilstandskontroll av navigasjonsinnstallasjoner utan lys (området Frøya, Hitra, Trondheimsleia og Smøla).
- 1 sommervikar vil verte engasjert i ombyggingsarbeid på tekniske anlegg på Nordøyan og Sklinna fyrstasjoner.
- Andre arbeidsoppgaver vedr. vedlikehald av navigasjonsanlegg må også påreknast.
- Det vil bli gitt opplæring/vegleiing.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer søkjarar som er båtvante og som har praktisk erfaring frå handverkaryrket.
- Det er ynskjeleg med kompetanse innan motor/teknikk/automasjon.
- Det krevjast god fysikk og helse.
- Søkjarar må vere fyllt 18 år og bør ha førerkort kl. B
Utdanningsretning
- Handverksfag
- Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
- Bygg og anlegg
Utdanningsnivå
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Allsidig og lærevilleg
- Vi søkjer deg som er positiv, arbeidsom og som likar praktisk arbeid.
- Kunne jobbe sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og godt humør. Kunne jobbe i team på 2-3 personer.
- Må kunne arbeide i høgda.
- Må ha god IKT-kunnskaper.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale i forhold til alder og kvalifikasjoner
- Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar og friperiodar.
- Arbeidslaga overnatter på godkjente overnattingstader i nærleiken av arbeidsoppdrag.
- Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
- Det må gå fram av søknad kva periode du kan vere tilgjengeleg.
- Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje e-post.
Kontaktinformasjon
Liv Sundgot Johannsen, Rådgjevar, liv.sundgot.johannsen@kystverket.no
Arbeidsstad
6025 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenummer:4042406718
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 22.04.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining. Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.