ID 1638 Sjukepleiar m/funksjon ass. avdelingssjukepleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Stord sjukeheim har frå 01.01.21 ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar, med funksjon assisterande avdelingssjukepleiar. Stord sjukeheim har 93 bebuarar fordelt på 4 sjukeheimsavdelingar og 1 avdeling med omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Ledig stilling er knytt til omsorgsbustadane og med nestleiaransvar for 14 årsverk på natt. Avdelinga har 8 bebuarar i omsorgsbustadar, med fellesareal og døgnbemanning. Stillinga har turnus med arbeid dag/kveld og kvar tredje helg.
Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring og/eller interesse frå arbeid med eldre.
Det vil vere ein fordel med erfaring frå leiing.
Ass. avdelingssjukepleiar har stedfortrederfunksjon for avdelingssjukepleiar ved ferieavvikling.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Søknadsfrist: 08.11.20
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Kringsjå 8, 5417 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 20. november 2020
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6340443-428219
Stillingsnummer: a419cdd5-8b70-4653-8a4f-2957719a8253