Faglærar transport og logistikk
Stillingsannonsen er inaktiv.MOY - MO OG ØYRANE VGS, Vestland fylkeskommune
Øyravegen 1, 6800 Førde
Org. nr: 974571110 Stillingsident: 4216400371 Presentasjon av stillingen:
Mo og Øyrane vidaregåande skule ligg sentralt plassert i Sunnfjord kommune. Skulen er geografisk todelt. Ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane. Skulen har om lag 185 tilsette og 480 elevar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, service og samferdsle, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk og industriell produksjon og naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar for sosiale og medisinske institusjonar bl.a. knytt til Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
Frå 01.08.20 har vi ledig 50% undervisningsstilling innan fagområdet Transport- og logistikk.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse innan Transport og logistikk.
Fagbrev innan yrkessjåfør og/eller logistikkmedarbeidar.
Relevant praksis innan yrkessjåfør og/eller logistikkmedarbeidar.
Praktisk pedagogisk utdanning er eit krav for fast tilsetjing.
Gode datakunnskapar.
Personlege eigenskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Fagleg og pedagogisk oppdatert.
Evne til å setje klare definerte mål for undervisninga.
Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning.
Evne til å samarbeide og å dele.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande regulativ.
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.
Hjelp til å skafe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
6 månaders prøvetid.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslove §10-9.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Stillinga vert utlyst med atterhald om at tilsette i Vestland Fylkeskommune kan ha førerett til stillinga.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Reidun Kristiansen, avdelingsleiar, 91694011
Arbeidsstad
Øyravegen 1
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4216400371
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 17.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
MOY - MO OG ØYRANE VGS, Vestland fylkeskommune
Adresse
Naustdalsvegen 12, 6800 Førde
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 18. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4216400371_MOY - MO OG ØYRANE VGS, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: a3e9e999-7b85-4c54-8e69-64cf22620617