Assisterande rektor
Stillingsannonsen er inaktiv.Brattvåg barneskule
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
Org. nr: - Stillingsident: 4388192238 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig frå 01.08.21.
Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule med vel 200 elevar. Det er ein ny og moderne skule som ligg i Brattvåg sentrum.
Assisterande rektor skal på vegne av rektor vere med å leie skulen på ein forsvarleg, fagleg og pedagogisk måte i tråd med driftsavtale og leiaravtale.
Assisterande rektor er organisatorisk underlagt rektor ved skulen, og rapporterer til denne.
Assisterande rektor sin administrasjonsressurs utgjer 80 %. Dei resterande 20 % vert undervisningsarbeid/andre oppgåver etter avtale med rektor.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
- Økonomi
- Oppfølging av personale
- Oppfølging av elevsaker
- Oppfølging av spesialpedagogiske og sosialpedagogiske saker
- Samarbeid med eksterne tenester
- HMS-arbeid, bygning, brannvern
- Timeplan, vikarordning
- Kartleggingar, undersøkingar og rapporteringer
Kvalifikasjonar
- Utdanning i tråd med opplæringslova § 9-1. til profesjon for stillinga og til generelle krav som vert stilte til verksemdleiarar i Ålesund kommune
- Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk for skule, kommunal og statleg forvaltning
- Saksbehandling
- Leiarutdanning -- primært innan skuleleiing
- Leiarerfaring
- Erfaring frå barneskule
- Gode evner til planlegging og problemløysing
- Lagspelar
- Pågangsmot og resultatorientering
- Evne til kommunikasjon og innflyting
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse
- Løysingsorientert
- Fleksibel og lojal
Vi tilbyr
- God pensjonsordning (SPK)
- Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule
- 1:1 dekning på digitale einingar til elevane
Kontaktinformasjon
Endre Hellandsvik, Verksemdsleiar/Rektor, 91181966, Endre.Hellandsvik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen 4
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4388192238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule
Adresse
Skulesvingen 4A, 6270 Brattvåg
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4388192238_Brattvåg barneskule_webcruiter
Stillingsnummer: a3bf67df-a3f5-439a-bd2b-582037d491b6