Lærling i gjenvinningsfaget
Miljøselskapet ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i Ålesundregionen. Selskapet legg vekt på miljøvennlig og effektiv drift, og er eigd av kommunane Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes og Ålesund. Vi oppfordrar kvinner til å søke.
Vi søker lærling for ein praksisperioden på to år. Ein lærling i ÅRIM får god innsikt og oppfølgjing i gjenvinningsfaget. Å jobbe med avfall og miljø er eit varierande og meiningsfullt arbeid.
Dette får du lære meir om i læretida:
• Miljønytte
• Korleis behandle avfall
• Kva som skjer med avfall som går til gjenvinning
• Transport og logistikk
• Maskinkøyring (gravemaskin og truck)
• Kundekontakt
Personlege eigenskapar:
Du er engasjert og lærevillig. Du liker fysisk og praktisk, utandørs arbeid. Det kan bli studietur til andre avfallsanlegg i perioden.
Oppmøtestad er i Ålesund. Ring Richard Flåte 948 37 532 ved spørsmål.
Send søknad til post@arim.no innan 15. oktober.
Om bedriften
Miljøselskapet ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i Ålesundregionen. Selskapet legg vekt på miljøvennlig og effektiv drift, og er eigd av kommunane Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes og Ålesund.
Du kan lese meir om ÅRIM her