S-04 Rektorstillingar Førland skule og Straumen skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Tysvær kommune
Kommunalsjef Oppvekst og Kultur
Beskrivelse av avdeling
Tysvær kommune har 8 grunnskular med ca. 1700 elevar fordelt på 5 barneskular, 2 kombinerte skular og ein ungdomsskule. Frå 01.08.2020 treng vi fleire dyktige og inspirerande lærarar både i faste stillingar og i årsvikariat. Elevane i Tysværskulen bruker iPad og PC 1:1 i undervisninga, og elevane skal oppleve meistring gjennom bruk av digitale læremiddel og verktøy på ein aktiv og innovativ måte.
Visjonen for Tysværskulen er "Læring for livsmeistring", og vi har som mål å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Nå har vi ledige rektorjobbar ved to av skulane i kommunen.
Førland skule f.o.m. 01.08.2020 - 100% fast
Straumen skule f.o.m. 01.04.2020 - 100% fast
Vi søker ein rektor som
Prioriterer arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø
Er tett på elevane si læring
Er framsynt og tydeleg
Er raus og lyttande
Set krav og gir støtte til dei tilsette
Forpliktar seg på kommunen sin visjon, verdiar og etiske retningsliner
Har god økonomisk styring og disponerer tildelte ressursar til beste for skulen
Har skuleleiarerfaring og/eller skuleleiarutdanning.
Vi tilbyr
Støtte og krav frå ein framtidsretta og kompetent skuleeigar
Personleg og fagleg utvikling
Gode rammevilkår
Løn etter avtale
Slik søkjer du
Søkarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.
Spørsmål om korleis du søker, kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar tar du med til eventuelt intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader) må leggast fram ved tilsetting, og vere på plass før arbeidstakar
begynner i stillinga. Merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbod om stilling. Politiattesten skal ikkje ligge ved søknaden.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tysvær kommune
Adresse
Aksdalsvegen 165, 5570 Aksdal
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 10. mars 2020
Hentet fra: Tysvær kommune
Referanse: stilling.tysver.kommune.no/recruitment/opening?0?3320
Stillingsnummer: a329a598-b6c0-4fec-b7d9-5a1610646306