Sjukepleiestudent? Hos oss får du jobb og stipend
Org. nr: - Stillingsident: 4197668428 Presentasjon av stillingen:
Er du 3. års sjukepleiarstudent kan du inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 14 000 (skattepliktig). Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader. Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 6 helger til medio august 2020, samt 5 veker sommaren 2020. To av dei 6 helgene skal inngå i sommarperioden.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida.
Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande, så søk tidleg.
Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Arbeidsoppgåver
- Delta i behandling og pleie av pasientar
- Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
- Arbeidsoppgåver i kirurgisk, medisinsk eller psykiatrisk eining.
Kvalifikasjonar
- Du må kunne dokumentere at du er 3.års sjukepleiarstudent
- Tilfredsstillande kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Du må få autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2020
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
- Du får eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
- Du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar medisinsk avdeling, 53490966
Kristine Spissøy Vikestrand, Funksjonsleiar medisinsk avdeling, 53491129
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4197668428
Stillingsprosent: 20%
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.