Inspektør /seniorinspektør arbeidslivskriminalitet i Stavanger - Arbeidstilsynet Vestlandet
Org. nr: - Stillingsident: 4058877884 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å jobbe med arbeidslivskriminalitet ?
Arbeidstilsynet Vestlandet søker ein samfunnsengasjert og analytisk medarbeidar til tilsynskontoret vårt i Stavanger.
Arbeidstilsynet i Stavanger styrkjer innsatsen mot arbeidslivskriminalitet og søkjer ein ny medarbeidar til dette arbeidet. Medarbeidaren vil bli tilknytta A-krimsenteret i Stavanger som er ei tverretatlig operativ gruppe som arbeider mot arbeidslivskriminalitet. Gruppa består av medarbeidarar frå Arbeidstilsynet, Politiet, Skatteetaten, NAV Kontroll og Kemneren i Stavanger. Vi har behov for ein dedikert medarbeidar og søkjer difor ein inspektør/seniorinspektør som har interesse for fagområdet.
Ved tilsynskontoret i Stavanger er det 30 tilsette som arbeider med tilsyn, rettleiing, saksbehandling og prosjektarbeid innan fagområdet arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet er ein verksemd som utviklar seg i samsvar med behova i samfunnet og vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og kontorstad.
Medarbeidarar i Arbeidstilsynet har svært avgrensa høve til å ha bierverv utanfor etaten.
Stillinga fører til ein del reising og den som vert tilsett må ha førerkort. Skyss- og kostgodtgjersle etter Staten sitt regulativ.
Arbeidsoppgåver
Føre tilsyn med verksemder sitt helse- miljø- og tryggleiksarbeid, med spesiell vekt på arbeidslivskriminalitet
Deltaking i operativ gruppe ved A-krimsenteret i Stavanger, planlegge og gjennomføre felles tilsyn og aksjonar mot arbeidslivskriminalitet
Saksbehandling og rettleiing - internt og eksternt
Teamarbeid og deltaking i arbeidsgrupper
Søkjar må rekne med å gjere tilsyn og saksbehandling også innan andre område
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning innan tekniske og/eller samfunnsvitskapelege fag. Særleg aktuell utdanningsbakgrunn kan vera sivilingeniør/ingeniør innan byggfag, samfunnstryggleik og beredskap eller politifagleg bakgrunn
Relevant arbeidserfaring, gjerne innan tilsyn, kontroll, revisjon eller politi- og etterretningsarbeid
Kunnskap om arbeidsmarknaden og utfordringar med arbeidslivskriminalitet
God kunnskap om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Analytisk og strukturert med god evne til å setje seg inn i nye saksområde
Evne til å jobbe løysingsorientert, både sjølvstendig og i team.
Gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling
Initiativrik og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på kor vidt søkjaren er personleg skikka til stillinga
*
*
*
Vi tilbyr
Stillinga vert løna som inspektør eller seniorinspektør, kr 520 000 - 590 000. Lønsplassering etter erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt 2% til innskot i Statens pensjonskasse.
Kontaktinformasjon
Gro Ellingsen, Tilsynsleiar, 92206974
Arbeidsstad
Lagårdsveien 44
4010 Stavanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Arbeidstilsynet
Referansenummer:4058877884
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 06.06.2019
Om bedriften
Arbeidstilsynet ¿ for eit godt arbeidsliv! Arbeidstilsynet jobber for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi kontrollerer at arbeidsgjevarane følgjer arbeidsmiljølova, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, mail og Facebook. Arbeidstilsynet består av sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor, svartenesta i Bodø og direktoratet i Trondheim. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.
Med heimel i offentleglova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli oppført i søkjarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla på førehand.