sjukepleiar dialyseavdeling 60% fast stilling
Det er per i dag 5 behandlingsplassar i avdelinga med kapasitet til å gi 10 pasientar som treng hemodialyse behandling. 2 skift 3 dagar i veka (måndag, onsdag, fredag). Vi har i tillegg disponibelt eit isolat der ein kan gjennomføra dialyse.
Ved auke i pasienttalet skal drifta utvidast til arbeid 6 dager i veka.
Eininga er for tida organisert under Felles Intensiv Avdeling, med Funksjonsleiar som næraste overordna. Dialyseavdelinga har eigen koordinator. Dei faste stillingane er berre knytta til dialyseavdelinga. Me har ein nyrelege på Stord. Me samarbeider med andre dialyseavdelingar i Helse Fonna.
Vi flytta inn i nyoppussa dialyselokale i juni 2021 med nytt vannreinseanlegg frå Lauer.
No er det er trong for fleire sjukepleiarar som kan vera med i dialyseteamet.
Arbeidsoppgåver
• Pasientoppfølging og vegleiing av pasientar med behov for dialyse• Sjukepleie til pasientar med intermitterande HD/HDF-behandling (Fresenius 5008)
• Praktisk gjennomføring av dialysebehandlinga
• Praktiske og administrative sjukepleiaroppgaver i avdelinga.
• Som sjukepleiar ved dialyseavdelinga kjem du tett på ei pasientgruppe med sammensatte behov.
Kvalifikasjonar
• Autorisert sjukepleiar, helst videreutdanning i sjukepleie til nyrepasienter
• Minimum 2 års klinisk erfaring som sjukepleiar, ynskeleg med erfaring frå nyremedisin/dialyse, men det er ikkje eit krav
• Erfaring og ferdigheter i sjukepleie til peritonealdialysepasientar er ein fordel.
• Gode pedagogiske kunnskapar og ferdigheter med erfaring frå undervisning, opplæring og veiledning.
• Føresetnader for og interesse for digitale løysingar.
• Beherska norsk språk flytande, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
• Vi søkjer etter deg som er faglig engasjert og motivert, har pasienten i fokus, og vil bidra til eit godt sammensatt fagmiljø
• Evner å byggja relasjoner og samarbeide godt med ulike typer menneske
• Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø
• Du må vere oppsøkjande og nysgjerrig i forhold til oppgåver og utfordringar
• Du må trivast med både det akutte og det kroniske aspektet ved pasientbehandlinga
• Evne til, og ønskje om, å bidra til eit godt arbeidsmiljø er viktig
• Evne til å jobba sjølvstendig og i team
• Liker å jobbe systematisk og er strukturert
• Gode kliniske evner og fagleg trygghet
Vi tilbyr
• Ein spennande jobb i eit fagleg arbeidsmiljø
• Opplæring og veiledning etter behov med gode "voksemuligheter»
• Kalenderplan i 2-delt turnus, inkl. 3. kvar helg (16 i året)
• Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
• Triveleg arbeidsmiljø
• Høgt fagleg nivå
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
• MTU-sertifisering
• 2 fagdagar årleg
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Agata Barbara KapuscinskaArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4635008105
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 24.04.2023
Søknadsfrist: 28.03.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.