Kontormedarbeidar (konsulent)
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Org. nr: - Stillingsident: 4405970643 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig ein variert stilling som kontorkonsulent ved Bømlo Helsehus/Bømlo bu og helsesenter. Du vil ha tett samarbeid med kollega som du deler felles kontor med.
Du skal samarbeide med og yte teneste til både institusjonen og dei andre verksemdene ved Bømlo helsehus.
Arbeidsoppgåver
- Ansiennitetsberekning
- Arbeidsavtalar
- Fakturagodkjenning
- Arkivering
- Varebestilling
- Pasientrekneskap
- Kontakt med frivillige
- Anna førefallande kontorarbeid
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med fagbrev innan kontor- og administrasjonsfag.
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar , både skriftleg og munnleg.
- Kjennskap til programvarene Profil, Agresso og Elements er ei føremon
Personlege eigenskapar
Serviceinnstilt, fleksibel ,løysingsorientert og gode samarbeidsevner.
Me tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver i eit godt miljø med gode kollega.
Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov - og avtaleverk.
Offentleg teneste pensjon og gode forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Berit Nesse, 53 42 34 02
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4405970643
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Adresse
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. juni 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4405970643_Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune_webcruiter
Stillingsnummer: a29a6bbd-a18b-46d2-9170-3d50deb9447e