Ledige stillingar i skule og SFO
Ulstein kommune har fem grunnskular. Her kan du lese om skulane.
For skuleåret 2022/2023 kan det bli ledig fleire stillingar som fagarbeidar, miljøterapeut og vernepleiar i skule og SFO.
Behovet vil vere avhengig av antal permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildeling. Faste
stillingar og vikariat. Stillingsbehovet kan endre seg.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på
stillingane.
For alle stillingane vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
6065 Ulsteinvik
Referansenr.:4518304433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2022
For skuleåret 2022/2023 kan det bli ledig fleire stillingar som fagarbeidar, miljøterapeut og vernepleiar i skule og SFO.
Behovet vil vere avhengig av antal permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildeling. Faste
stillingar og vikariat. Stillingsbehovet kan endre seg.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på
stillingane.
For alle stillingane vert det stilt krav om politiattest av ny dato.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv vaksen og ta del i praktisk og pedagogisk arbeid på skulen.
- Jobbe sjølvstendig og i samarbeid om oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper i skuletid og SFO.
- Følgje opp og gjennomføre læringsstøttande arbeid på ein god måte.
- Skape trivsel og legge til rette for læringsglede og utvikling for elevar i skule og SFO.
- Legge til rette for aktivitetar i skuletid og SFO.
- Dagleg kommunikasjon og samarbeid med føresette og dei andre tilsette på skulen
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Miljøterapeut
- Vernepleiar
- Anna relevant utdanning kan kompensere for manglande fagbrev
- Erfaring frå arbeid med barn
- Evne til å kommunisere godt med elevar, føresette og kollegaer
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Evne til å kunne identifisere deg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:
Nyskaping – Omsorg – Rausheit - Mangfald
Personlege eigenskapar
- Positiv, engasjert og initiativrik
- Robust, raus og varm
- Trygg og tydeleg
- Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Vegard Sæter Gurskevik, Skulesjef, 99352728Arbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Oppvekst og kulturetatenReferansenr.:4518304433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2022
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.