Lege i spesialisering
Org. nr: - Stillingsident: 4107326284 Presentasjon av stillingen:
Avd. for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Ålesund (AFK) er ei av 4 avdelingar innan gynekologi/obstetrikkfaget i Helse Møre og Romsdal.Vi er organisert i Klinikk for kvinner, barn og ungdom saman med Avdeling for barnemedisin og habilitering og Psykisk helsevern barn og ungdom, med felles klinikksjef.Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar er delt inn i 6 seksjonar fordelt på 4 sjukehus i foretaket, med ein felles avdelingssjef.
Avdelinga i Ålesund behandlar dei fleste gynekologiske tilstandar , og vi har utstrakt bruk av laparoskopi. Gynekologiske kreftsjukdomar vert behandla i samarbeid med regionsjukehuset vårt, som er St.Olavs hospital i Trondheim. Den gynekologiske poliklinikken vår har ca 12000 konsultasjonar årleg (inkludert dagkirurgi) og fødeavdelinga vår har ca 1400 fødslar årleg. Avdelinga vert drifta etter prinsipp for differensiert fødselshjelp og har status som kvinneklinikk i forhold til ansvar for risikofødande. Vi har eit godt samarbeid med Nyfødt intensivseksjon, og behandlar/forløyser gravide frå veke 26 + 0.Vi har eit godt arbeidsmiljø og også eit godt tverrfagleg samarbeid.
Vaktordning for LIS er p.t. 8-delt, og det er etablert tilstades-vakt for bakvakt.
Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar ved Ålesund sjukehus har ledig fire vikariat for lege i spesialisering: 1 vikariat i perioden 01.09.2019 - 28.02..2021 1 vikariat i perioden 01.09.2019 - 30.06.2020 2 vikariat i perioden 01.09.2019 - 30.04.2020 Ver vennleg å presisere kva stilling(ar) du søkjer på i søknadsteksten
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk legeautorisasjon samt mestre norsk (eller svensk/dansk) språk både for skriftleg og muntleg kommunikasjon.
- Erfaring frå faget er ein fordel med tanke på vaktkompetanse
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med eit variert arbeidsfelt.
- Lønn og andre tilesettingsvilkår etter gjeldande overenskomst.
- Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade-, gruppelivs- og tenestereise-forsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv- bedrift ( IA ¿ bedrift)
Kontaktinformasjon
Sissel Hjelle, Seksjonsleder/Overlege, 90585802
Arbeidsstad
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4107326284
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.09.2019
Søknadsfrist: 15.08.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal