Østre Vang Avløysarring, Vang i Valdres, treng avløysar på full tid!
Avløysar - Vang i Valdres
Er du praktisk anlagt og har godt handlag med dyr? Likar du tanken på å arbeide i ville, vakre Vang ved foten av Jotunheimen? Då kan Vang Avløysarlag vera plassen for deg!
Vi har no ledig 100% fast stilling i godt etablert ring. Ringen består av 5 bønder som driv med mjølkeproduksjon fordelt på 4 båsfjøs og 1 lausdriftsfjøs. Det er i tillegg litt sauehald.
Vi kan tilby:
- Ein spennande og utfordrande stilling innenfor husdyrhald og gardsarbeid
- Turnusordning
- Fleksibilitet
- Løn etter avtale
Kvalifikasjonar:
- Vi ynskjer gjerne deg med erfaring / agronomutdanning, men stå på vilje og lærelyst er eit godt utgangspunkt, og opplæring vil bli gitt.
- Førarkort klasse B, BE el T.
- God fysisk form.
- Påliteleg og ansvarsbevisst.
- Kunne forstå og gjere seg forstått på norsk, eller gode engelskkunnskapar.
Om bedriften
Vang Avløysarlag vart stifta 02.04.1993, og er eit samvirkeforetak. Me ynskjer å hjelpe bonden på best mogleg måte ved først og fremst kunne framskaffe gode og pålitlege avløysarar. Vi vil også bestreve oss etter å væra ein god arbeidsgjevar.