Engasjert ungdomskonsulent til AXIS ungdomskultursenter
Det er frå 1. august ledig fast 80% fast stilling som ungdomskonsulent ved Axis ungdomskultursenter i Klepp.
Ungdomskultursenteret Axis blei etablert i 2005 og driv eit mangfaldig og variert ungdomsarbeid. Drifta av senteret er lagt til tenesteområde samfunn og kultur og organisert under kulturavdelinga
Axis skal vera ein trygg og sosial arena for all ungdom der kulturinteresser, eigenaktivitet, ansvarslæring og inkludering står i fokus. Verksemda er basert på at ungdom mest mogleg sjølve sjølv skal ta ansvar og vera med å driva aktivitet, saman med vaksne tilsette og andre. Målgruppe er ungdom f.o.m. 8. klasse.
Ungdomskonsulenten vil vera dagleg leiar sin næraste medarbeidar og skal kunne supplera og avløyse dagleg leiar i det daglege arbeidet.
Kvalifikasjonskrav:
- Minimum 3-årig relevant utdanning på universitets/ høgskulenivå, fortrinnsvis innan kultur og sosialpedagogikk med vekt på barne- og ungdomsarbeid. (Anna utdanningsbakgrunn kan bli vurdert dersom søkjar tilfredsstillar andre kvalifikasjonskrav særs godt.)
- Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1
Kvalifikasjonsønskjer:
- Brei erfaring frå tilsvarande eller liknande arbeid, dvs. frå arbeid med ungdom på kultur/ fritidsområdet
- Kombinasjon av kulturfagleg og sosialpedagogisk erfaring
- Erfaring med å planleggja, organisera/ administrera ungdomsarbeid
- Erfaring frå miljøarbeid, og arbeid med å støtta ungdom i drift av eigeninitierte aktivitetar/ prosjekt, gjennomføring av open verksemd, gruppeaktivitet, kurs og arrangement av ulike slag
- Evne og vilje til å vidareutvikla aktivitetsbredde og kvalitet innan kunst- og kulturaktivitet
- Erfaring frå samarbeid med kommunale instansar, skular, organisasjonsliv, foreldre osv.
- Erfaring med bruk av sosiale media og alminnelig gode datakunnskaper
Personlege eigenskaper:
- Positivt, ressursorientert ungdomssyn og utprega evne til å kommunisera, skapa samarbeid og engasjement og til å utvikla eit aktivt godt ungdomsmiljø
- Evne til å delta i bygging av kompetanse og lagspel i personalgruppa
- Evne til å byggja og utvikla idear og nye prosjekt
- Ryddig, strukturert, systematisk, målretta og sjølvstendig
- Utådvend, engasjert, fleksibel, utviklingsorientert og evne til å handtera periodar med høgt aktivitetsnivå
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Resultat frå tidlegare arbeid:
Søkjarar bør kunne vise til/ dokumentera resultat frå tidlegare arbeid og alle helst frå tilsvarande eller liknande verksemd.
Anna
- Ungdomskonsulenten deltar i miljøarbeid og aktivitet ved senteret
- Ein del ettermiddags- og kveldsarbeid ligg til stillinga
- Den som blir tilsett bør ha sertifikat for personbil
Før oppstart må det leggjast fram tilfredstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om en tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med barnevernloven § 6-10, opplæringsloven § 10-9 og barnehageloven § 19.
Stillingsnummer 20/982
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.
Undgdomskultursenteret AXIS driv eit mangfaldig og variert ungdomsarbeid, og er basert på at undom sjølv skal ta ansvar og vera med og driva aktivitet. Målgruppa er ungdom frå og med 8. klasse til 18 år.